Børsdagen: Kontrakt-løft for Nortel
Mobiltelefonselskapet frå Ålesund har stige over 14 prosent dei siste tre dagane.
Før børsen opna 22. juni sende mobiltelefoniselskapet Nortel ut ei børsmelding om at selskapet hadde fått ei kontrakt som omfatta fleire statlege aktørar.
Dagen før var kursen i aksjen 16,80 kroner. I dag slutta den på 19,20, etter ein auke på 6,67 prosent sidan i går (sjå tabell).
Nortel gjekk på børs i november 2020. Første børsdag var kursen 22 kroner aksjen. Den førebelse toppen for Nortel-aksjen kom i slutten av september 2021, med 28,30 kroner aksjen.
Den førebelse botnpunktet i kursutviklinga var 20 mai i år, med 16 kroner aksjen.
Hovudindeksen på Oslo Børs steig 0,6 prosent i dag og blant selskapa på Nordvestlandet hadde fleirtalet kursvekst, med Hexagon Purus si kursauke på 8,54 på topp.
Nederst på lista kom offshorereiarlagat Golden Energy Offshore Services og Havila Shipping.
Børsdagen | ||
Selskap | Kurs i kroner | %-Endring i dag |
Hexagon Purus | 27,96 | 8,54 |
Nortel | 19,2 | 6,67 % |
Arctic Bioscience | 14,5 | 3,57 % |
Atlantic Sapphire | 22,7 | 3,18 % |
Hexagon Composites | 27,96 | 2,87 |
Sparebanken Møre | 75 | 2,39 % |
Salmon Evolution | 7,85 | 1,29 % |
Endúr | 24,19 | 0,79 % |
Hav Group | 15,1 | 0,53 |
Norva24 Group * | 34,99 | 0,00 % |
Havyard Group | 3,505 | -0,43 |
Havila Kystruten | 18,65 | -0,53 % |
Hofseth Biocare | 3,77 | -0,79 % |
Statt Torsk | 2,16 | -3,57 % |
Golden Energy Offshore Services | 1,76 | -4,35 |
Havila Shipping | 16,6 | -4,71 % |
*I svenske kroner |
Publisert: 24.06.2022 17:13
Sist oppdatert: 26.06.2022 00:06