Nytt
Kontrakt sikrar heilårsdrift
Havila Hotel Geiranger skal halde ope heile året etter å ha fått ein avtale med entreprenøren som skal bygge veg mellom Geiranger og Eidsdal.
13.10.2020
Entreprenørselskapet Kruse Smith skal ha opptil 60 rom i Havila Hotel Geiranger. Avtalen gjeld for tre år framover.
Så lenge familien Haldorsen frå Bergen eigde og dreiv hotellet var det eit reindyrka sesonghotell. Når våren kom rykka dei sesongtilsette inn, når lauvet gulna blei dørene stengt fram til neste vår.
Med avtalen med entreprenøren har hotellet eit grunnlag for fleire heilårsarbeidsplassar, seier reiselivsdirektør Gunther Dahler i Havila Hotels, som kjøpte hotellet i desember 2019.
Hotellet har 150 rom, slik at det er plass til gjestar også med entreprenøren sine folk på plass. I tillegg vil entreprenøren ta ferie i høgsesongen, slik at Havila då disponerer heile hotellet. Dahler seier hotellet i utgangspunktet vil ha vanleg ope i haust-, vinter- og påskeferie, og ope for kurs, konferansar og andre arrangement ellers i lågsesongar.
Hotellet består av to bygg, der entreprenøren leiger to etasjar i det nedre bygget. Det blir arbeidd med å bygge om 7. etasje i det øvre bygget for å kunne huse konferansar og arrangement for i overkant av 200 personar, og skal vere utsiktsbar for turistane i høgsesongen.
Inntil Havila Hotel Geiranger blir heilårshotell har Hotel Union vore einaste reiselivsbedrifta saman med Verdsarvsenteret som held heilårsope i Geiranger.
Så lenge familien Haldorsen frå Bergen eigde og dreiv hotellet var det eit reindyrka sesonghotell. Når våren kom rykka dei sesongtilsette inn, når lauvet gulna blei dørene stengt fram til neste vår.
Med avtalen med entreprenøren har hotellet eit grunnlag for fleire heilårsarbeidsplassar, seier reiselivsdirektør Gunther Dahler i Havila Hotels, som kjøpte hotellet i desember 2019.
Satsar på konferansar
- Vi har merka at viljen til å kome til Geiranger heile året, den er stor, seier Dahler.Hotellet har 150 rom, slik at det er plass til gjestar også med entreprenøren sine folk på plass. I tillegg vil entreprenøren ta ferie i høgsesongen, slik at Havila då disponerer heile hotellet. Dahler seier hotellet i utgangspunktet vil ha vanleg ope i haust-, vinter- og påskeferie, og ope for kurs, konferansar og andre arrangement ellers i lågsesongar.
Hotellet består av to bygg, der entreprenøren leiger to etasjar i det nedre bygget. Det blir arbeidd med å bygge om 7. etasje i det øvre bygget for å kunne huse konferansar og arrangement for i overkant av 200 personar, og skal vere utsiktsbar for turistane i høgsesongen.
Lettare å rekruttere
Konsekvensen av å drive eit rendyrka sesonghotell er mellom anna at det tek tid å lære opp tilsette i jobben, i og med at det ikkje er sikkert at det er same folka som kjem att år etter år. Det merka Havila i sin første sesong, i år, seier Dahler. Med fleire heilårsarbeidsplassar kan hotellet sikre at mellomleiarar få jobb heile året, slik at opplæring og rettleiing går lettare.Inntil Havila Hotel Geiranger blir heilårshotell har Hotel Union vore einaste reiselivsbedrifta saman med Verdsarvsenteret som held heilårsope i Geiranger.
Publisert: 13.10.2020 15:53
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:03