Kontrakt til 350 millionar
Hexagon Purus skal levere hydrogenanlegg til portugisisk bussprodusent.
Avtalen mellom Hexagon Purus og CaetanoBus kan gi Hexagon Purus 350 millionar kroner i inntekter i fireårsperioden rammeavtalen varer, ifølgje ei børsmelding.
Hexagon Purus skal levere tankar og system for bruk av hydrogen som energiberar i bussar frå CaetanoBus. Bussane blir utstyrt med brenselceller som gjer frigjer energi ved smelte hydrogen og oksygen saman til vatn.
Energien blir brukt til å lage energi til elmotorar i bussane.
Er hydrogen laga ved å spalte vatn i hydrogen og oksygen ved hjelp av elektrisitet laga av vasskraft, atomkraft, vind- eller solkraft vil bussane gå på CO2-utsleppsfri energi.
Kjenner kvarandre
CaetanoBus er allereie ein kunde av Hexagon Purus og rammeavtalen som blir kunngjort i dag er ei utviding og formalisering av tilhøvet mellom avtalepartane.
CaetanoBus er eit samarbeidsselskap mellom Toyota Caetano Portugal og Mitsui & Co. Selskapet har spesialisiert seg på køyretøy for byar og flyplassar.
Mitsui er også stor aksjonær i Hexagon Composites - som er største eigar i Hexagon Purus.
Publisert: 31.10.2022 15:08
Sist oppdatert: 31.10.2022 15:09