Dette opplyser den hollandske nettstaden V
I desember i fjor opplyste Kleven at selskapet hadde signert kontrakt med eit fransk fiskeriselskap om bygging av ein 80 meter lang hekktrålar.
Dette skroget skal byggast i polske Gdynia, og fartøyet skal leverast frå Myklebust Verft hausten 2017.
Fartøyet er av NVC 374 WP-design frå Rolls-Royce. Båten vert 80 meter lang og 16 meter brei. Frysekapasiteten vert på 1400 kubikkmeter.
Dette er eit dotterselskap av hollandske Parlevliet & Van der Plas, eit selskap med meir enn 1500 tilsette.
No opplyser nettstaden Visserniews at det skal byggast endå ein kvitfisktrålar ved Kleven. Denne gongen er det Parlevliet & Van der Plas sitt spanske dotterselskap Pesquero Ancora som bestiller skipet.
Det hollandske selskapet har siste åra bygt seg kraftig opp, blant anna gjennom oppkjøp av torskekvoter.
I fjor fekk selskapet bygt dei 86 meter lange frysetrålarane Mark og Kirkella, der den første var av Skipsteknisk-design.
Skroget var bygt ved det tyrkiske Tersan-verftet.
Søsterskipet Kirkella er på si side deleigd av tyske og islandske interesser, der Samherji-leiar og Rem Offshore-styremedlem Thorsteinn Mar Baldvinsson er inne på eigarsida.
Men no er det Rolls Royce-design og Kleven det vert satsa på.
Parlevliet viser til at det har vorte mykje billegare å byggje nye fiskebåtar, og at for fem år sidan var prisane 30 til 50 prosent høgare.
- Men så langt kjenner vi berre til den første kontrakten, og vi har ikkje signert noko ny kontrakt.
- Men vi håper sjølvsagt at det vert meir enn den eine.
Rasmussen seier derimot at det er stor aktivitet rundt nye fiskebåtkontraktar.
- Vi arbeider med fleire interessante fiskebåtprosjekt, og håper at vi klarer å lande nokre av dei.
I desember i fjor opplyste Kleven at selskapet hadde signert kontrakt med eit fransk fiskeriselskap om bygging av ein 80 meter lang hekktrålar.
Dette skroget skal byggast i polske Gdynia, og fartøyet skal leverast frå Myklebust Verft hausten 2017.
Fartøyet er av NVC 374 WP-design frå Rolls-Royce. Båten vert 80 meter lang og 16 meter brei. Frysekapasiteten vert på 1400 kubikkmeter.
Franske og spanske døtre
Kunden vart oppgitt å vere franske Compagnie Des Peches Saint-Malo S.A. & SAS Comptoir Des Peches D’Europe Du Nord – Euronor.Dette er eit dotterselskap av hollandske Parlevliet & Van der Plas, eit selskap med meir enn 1500 tilsette.
No opplyser nettstaden Visserniews at det skal byggast endå ein kvitfisktrålar ved Kleven. Denne gongen er det Parlevliet & Van der Plas sitt spanske dotterselskap Pesquero Ancora som bestiller skipet.
Kjøper toskekvoter
Totalt vil skipa koste rundt 70 millionar Euro, rundt 650 millionar kroner etter dagens kurs, vert det opplyst.Det hollandske selskapet har siste åra bygt seg kraftig opp, blant anna gjennom oppkjøp av torskekvoter.
I fjor fekk selskapet bygt dei 86 meter lange frysetrålarane Mark og Kirkella, der den første var av Skipsteknisk-design.
Skroget var bygt ved det tyrkiske Tersan-verftet.
Samherji-samarbeid
Eigar av Mark er tyske Warnemünder Hochseefischerei Gmb, som igjen er eigd av hollanske Parlevliet & van der Plas.Søsterskipet Kirkella er på si side deleigd av tyske og islandske interesser, der Samherji-leiar og Rem Offshore-styremedlem Thorsteinn Mar Baldvinsson er inne på eigarsida.
Men no er det Rolls Royce-design og Kleven det vert satsa på.
30-50 prosent prisnedgang
Konsernsjef Diek Parlevliet i det hollandske familieselskapet seier til nettstaden at det er første gongen selskapet satsar på å byggje skip i Norge.Parlevliet viser til at det har vorte mykje billegare å byggje nye fiskebåtar, og at for fem år sidan var prisane 30 til 50 prosent høgare.
- Ingen signert kontrakt
Konsernsjef Ståle Rasmussen ved Kleven seier at det er hyggjeleg at det hollandske selskapet vil byggje hos Kleven.- Men så langt kjenner vi berre til den første kontrakten, og vi har ikkje signert noko ny kontrakt.
- Men vi håper sjølvsagt at det vert meir enn den eine.
Rasmussen seier derimot at det er stor aktivitet rundt nye fiskebåtkontraktar.
- Vi arbeider med fleire interessante fiskebåtprosjekt, og håper at vi klarer å lande nokre av dei.
Vi arbeider med fleire interessante fiskebåtprosjekt, og håper at vi klarer å lande nokre av dei
Publisert: 08.03.2016 15:35
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:53






