Nytt
Korona både hindra og sikra rekord
Førre vinter var Hornindal Skisenter sin tredje beste sesong - med nedstenging. Og hyttesalet gjekk rett til vers.
23.12.2020
8. desember 2019 starta sesongen for Hornindal Skisenter. Derifrå og heilt fram til stenging 12. mars i år hadde senteret godt med snø - og godt besøk.
Sesongen enda med 3,5 millionar kroner i driftsinntekter og 0,7 millionar kroner i resultat før skatt. Det er den tredje største inntekta skisenteret har hatt på ein sesong, og også det tredje mest lønsame året.
Godt med snø hadde ikkje det andre skisenteret i Volda kommune, Volda Skisenter, og koronastenginga gjorde at Volda Skisenter heller ikkje fekk glede av snøen på ettervinteren.
(Hornindal Skisenter og Volda Skisenter har avvikande reknskapsår. Reknskapen viser sesongen 2019/2020. Sjå tabell til høgre på sida. På mobil står tabellen nederst på sida).
- Det er det ikkje tvil om, seier dagleg leiar Inge Olsen i Harevadet Hyttegrend.
Allereie i mai i år hadde han seld like mange tomter som han venta å selje i heile år.
26 selde tomter i år er 10 fleire enn førre rekordår. Hyttefeltet ligg ved vest for traseen til skisenteret. Dei første tomtene i feltet vart seld i 2012.
Selskapet har no 21 hyttetomter og tre tomter til leilegheitsbygg med fire leilegheiter i kvar att å selje. Det betyr dei siste tomtene i det omlag 120 store tomtefeltet ligg an til å bli seld i 2021/2022.
Hornindal Skisenter har snøproduksjonsanlegg som kan forsyne nedre delen av traseen med snø, men kuldeperiodane i november og desember har ikkje vore lange nok til at det har vore råd å produsere nok.
Til neste sesong planlegg skisenteret mellom anna å utvide barnetraseen, både i lengde og med utbyggingar som gjer den meir attraktiv å renne i.
Sesongen enda med 3,5 millionar kroner i driftsinntekter og 0,7 millionar kroner i resultat før skatt. Det er den tredje største inntekta skisenteret har hatt på ein sesong, og også det tredje mest lønsame året.
Godt med snø hadde ikkje det andre skisenteret i Volda kommune, Volda Skisenter, og koronastenginga gjorde at Volda Skisenter heller ikkje fekk glede av snøen på ettervinteren.
(Hornindal Skisenter og Volda Skisenter har avvikande reknskapsår. Reknskapen viser sesongen 2019/2020. Sjå tabell til høgre på sida. På mobil står tabellen nederst på sida).
Koronagevinst
Medan koronaepidemien og tiltaka mot den gjorde at Hornindal Skisenter ikkje fekk rekordsesongen det låg an til, sikra epidemien at hytteutbygginselskapet Harevadet Hyttegrend sette ny rekord i selde tomter.- Det er det ikkje tvil om, seier dagleg leiar Inge Olsen i Harevadet Hyttegrend.
Allereie i mai i år hadde han seld like mange tomter som han venta å selje i heile år.
26 selde tomter i år er 10 fleire enn førre rekordår. Hyttefeltet ligg ved vest for traseen til skisenteret. Dei første tomtene i feltet vart seld i 2012.
Selskapet har no 21 hyttetomter og tre tomter til leilegheitsbygg med fire leilegheiter i kvar att å selje. Det betyr dei siste tomtene i det omlag 120 store tomtefeltet ligg an til å bli seld i 2021/2022.
Manglar snø
I 2020/2021-sesongen har det vore for varmt og snødd for lite til at skisenteret har opna.Hornindal Skisenter har snøproduksjonsanlegg som kan forsyne nedre delen av traseen med snø, men kuldeperiodane i november og desember har ikkje vore lange nok til at det har vore råd å produsere nok.
Til neste sesong planlegg skisenteret mellom anna å utvide barnetraseen, både i lengde og med utbyggingar som gjer den meir attraktiv å renne i.
Les også:
Publisert: 23.12.2020 06:00
Sist oppdatert: 24.03.2021 19:13