Nytt
Korona knekte Sjøbua
Eigarane melde oppbod.
30.03.2020
- Hadde ikkje koronaen kome så hadde vi klart dette, seier Helge Jan Brevik Farstad, i Sjøbua Restaurant as.
Saman med ektefellen Hege tok han over den tradisjonsrike sjømatrestauranten i fjor haust. No har dei meldt oppbod.
Sjøbua merka koronaeffekten i form av avbestillingar alt tidleg i mars. 12. mars, då regjeringa stengte skular, barnehagar, ei rekkje verksemder og innførte strenge restriksjonar kom avbestillingane på løpande band både for mars og april, seier Brevik Farstad. Fredag 13. mars stengte restauranten.
Sjøbua stengte dørene i 2014 etter 28 års drift, men gjenopna hausten 2016 etter at restauranten blei kjøpt av Longvagruppen.
Uvissa om selskapet ville vere kvalifisert, saman med kostnadane med å legge fram dokumentasjonen som må til utelukka det alternativet. Og sjølv om selskapet skulle fått støtte ville det ikkje vere nok til å dekke kostnadane fram i tid, sidan inntektene i hovudsesongen i år i beste fall skulle bli kraftig redusert, etter Brevik Farstad si vurdering.
Bustyrar er Anne N. Hovde og første skiftesamling er 18. mai.
Saman med ektefellen Hege tok han over den tradisjonsrike sjømatrestauranten i fjor haust. No har dei meldt oppbod.
Sjøbua merka koronaeffekten i form av avbestillingar alt tidleg i mars. 12. mars, då regjeringa stengte skular, barnehagar, ei rekkje verksemder og innførte strenge restriksjonar kom avbestillingane på løpande band både for mars og april, seier Brevik Farstad. Fredag 13. mars stengte restauranten.
To år med tap
Sjøbua blei gjenopna i 2016 og dreiv med overskot både i 2016 og 2017. I 2018 fall inntektene og restaurantselskapet fekk eit underskot på 1,2 millionar kroner. Også 2019-tala viser underskot, i følgje Brevik Farstad.Sjøbua stengte dørene i 2014 etter 28 års drift, men gjenopna hausten 2016 etter at restauranten blei kjøpt av Longvagruppen.
Risikable støtteordningar
Sjølv om paret Brevik Farstad ikkje tok over gjelda i selskapet gjer to år med underskot at Helge Jan Brevik Farstad meiner det ville vere for risikabelt å satse på å klare seg ved å søkje på dei støtteordningane som regjeringa så langt at lagt fram for næringslivet.Uvissa om selskapet ville vere kvalifisert, saman med kostnadane med å legge fram dokumentasjonen som må til utelukka det alternativet. Og sjølv om selskapet skulle fått støtte ville det ikkje vere nok til å dekke kostnadane fram i tid, sidan inntektene i hovudsesongen i år i beste fall skulle bli kraftig redusert, etter Brevik Farstad si vurdering.
Bustyrar er Anne N. Hovde og første skiftesamling er 18. mai.
Hadde ikkje koronaen kome så hadde vi klart dette
Publisert: 30.03.2020 14:24
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:55