Korona oppsving for Ulmatec selskap
KORONAEFFEKT: For storparten av Ulmatec-konsernet legg koronaepidemien ein dempar på aktiviteten, men for eitt av selskapa har den gitt meir å gjere. Ulmatec-sjef Stig Ulstein (innfelt) seier 2020 blir "ikkje gale, men det blir ikkje så bra som i 2019".
Nytt

Korona-oppsving for Ulmatec-selskap

Då korona-epidemien kom, blei det vanskelegare å få tak i varer frå Aust-Europa. Det gav meir oppdrag til Ulmatec Components.

01.09.2020

Som Ulmatec-sjef Stig Ulstein sa i fjor sommar, blei 2019 eit godt år for Ulstein Maritime Technology-konsernet (Ulmatec). Etter minusresultat i 2018 og eit lite overskot i 2018 gjekk det langt bedre i fjor.

Les også: Styrer mot eit godt år for Ulmatec-konsernet

- Vi sa at 2019 skulle bli bra, og det blei det, seier Stig Ulstein. (Sjå tabell - på mobil finn du den nederst på sida).

I år har koronaepidemien og tiltaka mot den slått negativt ut.

- Det blir ikkje gale, men det blir ikkje så bra som i 2019, seier Ulstein om korleis 2020 blir.

Oppsving
For eitt selskap har koronaepidemien gitt eit oppsving. Maskineringsbedrifta Ulmatec Components er den første verksemda i det som i dag er Ulmatec-konsernet, som blei skipa i 2000.

No under koronakrisa er det også det selskapet i konsernet som har hatt eit oppsving i aktiviteten. Grunnen til oppsvinget er enkel å forklare, meiner Stig Ulstein. Kundar som før fekk utført maskineringsarbeid i Aust-Europa har fått vanskar med å få leveransar på grunn av koronarestriksjonar. Dermed har dei vendt seg mot leverandørar på heimebane.

Gjennom Ulmar eig Stig Ulstein og familien 31,58 prosent av aksjane i konsernet.

Totalt er det 15 aksjonærar. Nest største eigar er Borgstein Invest, som er likt eigd av søskena Ingunn Ulstein Botnen, samt Svein Idar, Håvard, Morten og Henning Ulstein.

Seks datterselskap
Ulmatec-konsernet sysselsette 152 årsverk i fjor, opp frå 143. Det har seks heilt eller deleigde datterselskap:

Ulmatec Handling Systems utviklinga og sel utstyr og tenester til skip og oljebransjen.

Ulmatec Baro har spesialisert seg på utstyr til seismikkindustrien.

Les også: Rosar tilsette og aksjonærar etter snuoperasjon

Ulmatec Pyro lagar oppvarming- og energigjenvinningssystem for skip.

Les meir: Ulmatec Pyro dobla inntektene

Cetic er eit programvareselskap og Ulmatec Skipsservice sel utstyr og mekanisk arbeid.

Ulmatec Components ei maskineringsbedrift.

Ulstein Marine Technology (konsern)

Årsresultat (i mill kr)

2018

2017

Driftsinntekter

299,1

269,3

Driftsresultat

4,1

-2,7

Res. før skatt

2,1

-5,3


Publisert: 01.09.2020 09:05

Sist oppdatert: 27.07.2021 08:58