DOF og datterselskapet DOF Subsea hadde ein plan for å bli samde med långivarane om ei refinansiering av selskapet, men koronaepidemien kasta planen om kull.
Tidlegare i år trudde DOF at forhandlingane om ei refinansiering skulle kome i mål innan utløpet av mars. No ber selskapet om meir tid og ytterlegare utsetjing av betaling av renter og avdrag.
Vilkåra som låg til grunn for refinansieringsplanen er endra, i markert negativ lei,
Obligasjonslångivarane skal ta stilling til framlegget 22. april.
Det varsla DOF i ei børsmelding 8. oktober i 2019, der det blei informert om at selskapet hadde starta arbeidet med ei refinansiering. Då var håpet at refinansieringa skulle vere klar i fjerde kvartal i fjor.
Tidlegare i år trudde DOF at forhandlingane om ei refinansiering skulle kome i mål innan utløpet av mars. No ber selskapet om meir tid og ytterlegare utsetjing av betaling av renter og avdrag.
Korona og priskrig
Det er koronakrisa og priskrigen i oljemarknaden som er grunnen til at DOF ber om meir tid. Oljeprisen og etterspørselen etter olje har stupt og gitt negative konsekvensar som DOF ikkje såg for seg for kort tid sidan.Vilkåra som låg til grunn for refinansieringsplanen er endra, i markert negativ lei,
Obligasjonslångivarane skal ta stilling til framlegget 22. april.
Starta forhandlingar i fjor
I desember i fjor sa obligasjonslångivarane til datterselskapet DOF Subsea ja til å forlenge tilbakebetalingstidspunktet for tre obligasjonslån til høvesvis 2024 og 2025. Målet til selskapet var at bankane sa ja til å forlenge dagens lån med fire år, redusere avdraga og lette på lånevilkåra. Storaksjonæren Møgsterfamilien ville skyte inn ny eigenkapital i offshorereiarlaget, på vilkår av at långivarane også bidrar til refinansieringa.Det varsla DOF i ei børsmelding 8. oktober i 2019, der det blei informert om at selskapet hadde starta arbeidet med ei refinansiering. Då var håpet at refinansieringa skulle vere klar i fjerde kvartal i fjor.
Publisert: 27.05.2020 08:10
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:55