Koronabrems etter vekstaar
STILLARE: Etter eit ekstra godt 2019 er også Vestnes Fjordhotell råka av koronakrisa i år, mellom anna ved at det ikkje er etterspørsel etter kurs- og konferansar. 
Nytt

Koronabrems etter vekstår

Eit travelt år på Vard Langsten gav vekst for Vestnes Fjordhotell i 2019.

29.04.2020
Dei siste åra har Vestnes Fjordhotell hatt aukande utleige til turistar i turistsesongen. Det har vore eit supplement til hovudmarknaden, som er utleige til folk som er på lengre arbeidsoppdrag, først og fremst i verftsindustriene. Men i fjor var etterspørselen etter rom til tilreisande på oppdrag for verftsindustrien så stor at hotellet var fullbooka også om sommaren.
Fullt hus slo også ut i lønsemda, hotellselskapet hadde 2,1 millionar kroner i overskot før skatt. Det gir ein resultatmargin på 12 prosent.

Utvida

I tillegg til overnatting har selskapet satsa på kurs- og konferansemarknaden, og opna ei utvida kurs- og konferanseavdeling i fjor.
No er avdelinga ikkje i bruk, på grunn av koronaepidemien og smitteverntiltaka mot den. Dagleg leiar og medeigar Jan Tore Ek vil ikkje spå om korleis 2020 endar, på grunn av uvissa rundt koronasituasjonene.
Men hotellet helde ope og skal halde fram med å halde ope, seier Ek.

Publisert: 29.04.2020 13:05

Sist oppdatert: 24.06.2021 14:12