Nytt
- Koronaerfaringane bør føre til mindre matsvinn
Hotell Sagafjord på Sæbø har 'all time high' i juli. No håper hotelldirektøren at alle reduserer matsvinnet, takka vere gode erfaringar under koronaen.
24.07.2020
- Det verste med å drive hotell er å sjå kor mykje god mat som vert kasta. I alle fall er det slik for meg.
Det seier hotelldirektør Sigmund Vika ved Sagafjord Hotell på Sæbø.
Hotellet har i heile juli vore fullt av gjestar. Det same har restauranten. Men matsvinnet har vore så godt som null.
- Dette skuldast at vi har slutta med buffet, og berre har tallerkenrettar.
- Mitt håp er no at både hotelltilsette og gjester kan lære av erfaringane frå koronaen, og få sterkt redusert matsvinnet også når vi startar opp med buffet.
- Å ha lite matsvinn er også berekraft. Og for å lukkast, må vi starte med oss sjølve.
Vika har lang erfaring frå hotellbransjen, blant anna åtte år ved Røros Hotell.
Han har også vore dagleg leiar Holmsbu Hotell & Spa og Hankø Hotell & Spa, og starta 1. mars i år som hotelldirektør på Sæbø.
- Vi har hatt heilt fullt belegg i heile juli. Dei neste to vekene ser det også veldig bra ut.
Han seier at i tillegg til at alle dei 38 roma har vore utleigde i heile juli, så har det også vore fullt kvar kveld i restauranten.
- Dessverre har vi måtta sagt nei til mange gjester.
Vika seier at over 90 prosent av gjestane er norske.
- Men i det siste har det også kome ein del danskar.
- Det ser veldig bra ut framover.
Det seier hotelldirektør Sigmund Vika ved Sagafjord Hotell på Sæbø.
Hotellet har i heile juli vore fullt av gjestar. Det same har restauranten. Men matsvinnet har vore så godt som null.
- Dette skuldast at vi har slutta med buffet, og berre har tallerkenrettar.
- Mitt håp er no at både hotelltilsette og gjester kan lære av erfaringane frå koronaen, og få sterkt redusert matsvinnet også når vi startar opp med buffet.
- Lite matsvinn er berekraft
Vika viser til at det er mykje snakk om berekraftig reiseliv, samstundes som det vert kasta mykje mat.- Å ha lite matsvinn er også berekraft. Og for å lukkast, må vi starte med oss sjølve.
Vika har lang erfaring frå hotellbransjen, blant anna åtte år ved Røros Hotell.
Han har også vore dagleg leiar Holmsbu Hotell & Spa og Hankø Hotell & Spa, og starta 1. mars i år som hotelldirektør på Sæbø.
Har sagt nei til mange
Han fekk koronaen midt i fleisen, men frå juli har det vore fullt trykk.- Vi har hatt heilt fullt belegg i heile juli. Dei neste to vekene ser det også veldig bra ut.
Han seier at i tillegg til at alle dei 38 roma har vore utleigde i heile juli, så har det også vore fullt kvar kveld i restauranten.
- Dessverre har vi måtta sagt nei til mange gjester.
- Ser veldig bra ut
Frå å ha permittert alle tilsette, er det no 16 tilsette i sving, inkludert sju sommarvikarar.Vika seier at over 90 prosent av gjestane er norske.
- Men i det siste har det også kome ein del danskar.
- Det ser veldig bra ut framover.
Det verste med å drive hotell er å sjå kor mykje god mat som vert kasta
Publisert: 24.07.2020 06:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:00