Koronaforseinkingar for Hofseth avtale
BØRSRAKETT: Samanlikna med for eitt år sidan har verdien på Hofseth Biocare-aksjane gått opp med over 85 prosent. Roger Hofseth (biletet) er primus motor og stor aksjonær i selskapet.
Nytt

Koronaforseinkingar for Hofseth-avtale

Koronaepidemien har forseinka, men ikkje stoppa, viktige produktlanseringar for Hofseth Biocare i USA.

28.08.2020
I fjor sommar varsla Hofseth Biocare at selskapet hadde inngått ein intensjonsavtale med helsekostselskapet Garden of Life i USA. Garden of Life, som er eigd av den internasjonale matvaregiganten Nestlé, skal samarbeide med Hofseth Biocare om markandsføring og utvikling av Hofseth Biocare sine helsekostprodukt, samt at Garden of Life får einerett på sal av Hofseth Biocare-produkt i USA.
Målet var å lansere produkt i den amerikanske marknaden i 2020.
Då avtalen blei offentleggjort sa primus motor og medeigar Roger Hofseth i Hofseth Biocare til NETT NO at denne avtalen kan gjere Hofseth Biocare til eit lønsamt selskap.

Meldinga sendt aksjekursen til Hofseth Biocare rett opp. Frå slutten av juni til slutten av november 2019 steig kursen frå 2,45 til 10,88 kroner per aksje. Då børsen stengte i går ettermiddag var kursen 8,52 kroner per aksje, som verdset hele selskapet til 2,8 milliardar kroner.

Like om hjørnet

I dag er status for avtalen med Garden of Life at Garden of Life har fått testa at Hofseth Biocare-produkta virkar, men at koronaepidemine har forseinka fleire produktlanseringar for Garden of Life i år.
Hofseth Biocare-produkta skal blandast inn i Garden of Life-produkta og Garden of Life er no i sluttfasen med å lage oppskriftene for produkta som skal lanserast i butikk, i følgje halvårsrapporten til Hofseth Biocare.

Satsar på farmasi

Hofeth Biocare lagar fiskeolje-, beinmjøl- og proteinprodukt av avskjær og restråstoff frå oppdrettsnæringa. Hovudkontoret ligg i Ålesund og produksjonsanlegga i Midsund og Berkåk.
I utgangspunktet var produkta retta mot helsekost- og kjæledyrmarknaden, men selskapet har auka satsinga på å utvikle produkt med medisinske eigenskapar, ei satsing som også investorar i aksjemarknaden likar, sjølv om selskapet ikkje tener pengar og hittil har gått med millionunderskot kvart kvartal (sjå tabell - på mobil finn du tabellen nederst på sida)

Publisert: 28.08.2020 09:05

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:02