Eirik Kavli Ørskog Sparebank foto Ogne
VEKST: Eirik Kavli i Ørskog Sparebank auka utlåna 8,4 prosent i fjor. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Koronafrie lånekundar

Kvar femte lånekunde Ørskog Sparebank ba om avdragsutsetjing for eitt år sidan, men vanskane gjekk fort over.

19.03.2021

I dag er det berre eit fåtal lånekunder i banken som har fått utsett betaling av avdrag. Av samla utlån på 3,2 milliardar kroner utgjer lån med avdragsfridom berre 30 millionar kroner, fortel administrerande direktør Eirik Kavli i Ørskog Sparebank.

Banken gav fire månader med avdragsfridom til dei som bad om det då koronaepidemien kom i mars i fjor. Då dei fire månadane var omme var det nesten ingen som bad om at avdragsfridomen vart forlenga.

Større rentekutt på utlån enn innskot har pressa rentemarginen (skilnaden mellom utlån- og innskotsrente) og Kavli seier banken har tapt meir på svekka rentemargin enn på korona. Resultatet for 2020 blei likevel langt betre enn han frykta då koronaepidemien kom i mars 2020.

Utlånsveksten til banken var på 8,4 prosent i fjor.

Les børsmelding her

Ørskog Sparebank
Tal i mill. kroner20202019
Inntekter70,266,9
Resultat før tap26,429,9
Resultat før skatt23,128,5

Publisert: 19.03.2021 13:49

Sist oppdatert: 19.03.2021 13:52