Industri illustrasjon innfelt anne kverneland bogsnes foto marius nav 11
MANGE TAPTE DAGSVERK: NAV-direktør Anne Kverneland Bogsnes (innfelt) i Vestland opplyser at meir enn ein million dagsverk gjekk tapt i fylket siste kvartal i fjor. Foto: Marius Rosbach/NAV
Nytt

Koronafråveret har dobla seg

Men det er ei anna type sjukefråver som uroar NAV-direktøren.

Marius Rosbach
03.03.2022

Ferske tal frå NAV viser at fråveret som følgje av sjukdom i luftvegane, var dobbelt så høgt i fjerde kvartal 2021, som i same periode året før.

Tala viser at både Møre og Romsdal og Vestland fylker opplevde ei markant auka i sjukefråveret - som i store delar av landet elles.

Vestland auka mest i landet med 10,1 prosent, medan tala for Møre og Romsdal viser ei auke på 7,5 prosent. Innlandet saman med Troms og Finnmark hadde minst auka med 5,6 og 3,3 prosent.

Koronafråver slår kraftig ut
Mykje av forklaringa ligg naturleg nok i pandemien.

– Sjukdom i luftvegane slår kraftig ut på tala, men dette er ikkje den typen fråvær som uroar oss mest. Dei fleste er ganske raskt tilbake på jobb. Ser vi på tapte dagsverk, er muskel- og skjelettlidingar den klart største årsaka til fråvær. Vi ser også ein auke i psykiske lidingar som gir grunn til bekymring, uttaler direktør Anne Kverneland Bogsnes i NAV Vestland i ei pressemelding.

For heile landet viser tala at 14,1 prosent av fråveret er knytt tuk sjukdom i luftvegane.

Langt høgare enn under nedstenginga

NAV-direktøren i Vestland ventar høgt fråvær også vinteren 2022.

Det same gjer NAV-direktør Stein Veland i Møre og Romsdal, som har fått laga ei oversikt over utviklinga i koronarelaterte sjukemelde kvar veke.

– Den viser seg at vi har svært mange slike tilfeller no i år, samanlikna med i fjor, opplyser han i ei pressemelding torsdag.

Sjukefråveret dei siste vekene er langt høgare no, enn etter nedstenginga i 2020.

Grafikk sjukefråver første kvartal 2022 nav
LANGT HØGARE ENN MARS 2020: Sjukefråveret i Møre og Romsdal har dei siste vekene vore langt høgare enn under nedstenginga i 2020. Grafikk: NAV Møre og Romsdal

Publisert: 03.03.2022 09:32

Sist oppdatert: 03.03.2022 09:47

Mer om