Koronakrise stoppar ikkje utviding Vi ser framover
NYE ROM: Ekteparet Marit Nordheim Otterdal og Arvid Otterdal har nok å gjere. Låven ved Visnes Hotel er no tett og her skal det snart stå klart nye store rom i tillegg til møterom og lokale til andre aktivitetar. 
Nytt

Koronakrise stoppar ikkje utviding: – Vi ser framover

Visnes Hotel har så langt få kanselleringar og bygger i desse dagar nye rom. Men dei er frykteleg spente på kor lenge koronakrisa held dei ute av business.

Marius Rosbach
27.03.2020
Stryn er mellom kommunane på Nordvestlandet som er verst råka når det kjem til talet på permitterte og nye arbeidsledige. Fram til fredag var 484 nye tilsette permitterte løpet av dei siste vekene - og dei fleste har jobba i reiselivet.

Les også:


Men ikkje alle delar av reiselivet har det like tungt. Visnes Hotel er mellom dei som førebels ikkje merkar koronakrisa like tett på kroppen.
– Vi har ikkje merka det så mykje økonomisk til no. Årsaka er at vi er eit sesonghotell som opnar for dagleg drift frå starten av mai, fortel Marit Nordheim Otterdal til NETT NO.

Held fram med utviding

Etter at sjølve hotellbygget er blitt oppgradert, held dei i desse dagar fram med å bygge om låven. Her kjem det fire store rom og lokale for møter og ulike arrangement.
– Vi er glade for at ingen av arbeidarane som jobbar hos oss er blitt sjuke. Samtidig ser vi at det er viktig å bidra til å halde hjula i gong, når vi har moglegheita til det, påpeiker ho.
Per i dag ser det også ut til at dei kjem raskare i mål enn venta.
– Vi held fram etter planen og ser framover. Vi er ei lita bedrift som kan snu oss rundt fort og vere fleksible, seier Marit Nordheim Otterdal.

Få har avbestilt – men ventar med tilsettingar

Marit og ektemannen Arvid Otterdal er dei einaste heilårstilsette. Dei siste sesongane har dei hatt ei gradvis auka med fire tilsette i mai i tillegg, også opptil åtte personar i arbeid når høgsesongen tek til i juni.

– Vi er førebels avventande til å tilsette nokon i denne situasjonen, seier ho.
Gleda oppe i det heile, er at dei til no har heldt på dei fleste bookingane for juni, juli og august.
– Før koronakrisa hadde vi kring 30 prosent belegg for sesongen, og det er få som har avbestilt. Noko av årsaka er truleg at vi har individuelle reisande. Dei reiser på eige hand og er meir fleksible, seier ho.

Les også:


Har lagt solid grunnlag

No er ekteparet Otterdal spente på kor lenge dei omfattande smittverntiltaka vil vare.
– Om vi kjem i gong i midten av juni, så skal ting gå greitt, seier ho.
Ho trur også dei skal klare seg om heile sesongen går i vasken.
– Vi skal nok kome oss gjennom det også. Vi opplever at vi har god tillit hos banken og dei har teke kontakt for å høyre korleis det går, fortel ho.
Ekteparet har dei siste åra lagt eit solid grunnlag for vidare drift. 2019 blei det sjette året på rad med positivt resultat (sjå tabell til høgre - under om du les på mobil).
I løpet av desse åra er omsetninga dobla og i fjor blei det ny rekord på 4,7 millionar. 2019 var også det første året då begge jobba fulltid på hotellet. I vinter i det prestisjefylte «De Historiske Hotel & Spisesteder».

Les også:


Fryktar for mangfaldet

Hotellvertskapet fryktar likevel at mange av dei mindre verksemdene som har starta opp i regionen dei seinare åra, vil gå dukken.
– Det har skjedd mange ting som har vore bra dei siste åra, og det har poppa opp mindre etablissement som kafear og aktivitetar som guiding. Det er trist om dei ikkje klarar seg, for vi er avhengige av kvarandre for å trekke besøkande, påpeiker ho.
Regjeringa , mellom anna ei form for direkte støtte til bedrifter som er råka av virusutbrotet.
Ein slik form for kontantstøtte har vore særleg , der mange står heilt utan inntekter – men framleis har løpande utgifter.
– Det som kom i dag høyrast ut til å vere ei form for krisehjelp som kan treffe vår næring. Fleire vi har snakka med meiner at tiltaka med utsett betaling og meir lån, berre er å utsette problema, seier Otterdal.

Le også:



Synspunkt:



Slik er kommunene ramma:


Om vi kjem i gong i midten av juni, så skal ting gå greitt

Publisert: 27.03.2020 11:14

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:55