Koronalaan til Frislid
DOBLING: Koronalånet betyr omlag ei dobling av gjelda. Frislid Konfeksjon-sjef Rune Taklo har blanda kjensler. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Koronalån til Frislid

Sikra selskapet til over sommaren, men ventar å leve i spenning til koronakrisa er over.

22.04.2020

- Eg føler ikkje akkurat at eg står på toppen av pallen, seier Frislid Konfeksjon-sjef Rune Taklo etter at selskapet har fått eit lån som sikrar at det har pengar i kassa til over sommaren.

Det gir eit pusterom, men garanterer ikkje for at koronaproblema er over. Difor har Taklo blanda kjensler.

Lånet et eit såkalla "koronalån", der staten garanterer for 90 prosent av lånet til bankar som gir næringslivet likviditetslån som skal hjelpe bedriftene gjennom skadeverknadane av koroaepidiemien og tiltaka mot den.

Vil unngå konkurs
Då koronakrisa kom stengte butikkane. Inntektene svikta, samstundes som Frislid Konfeksjon hadde dressar, jakker og bukser på veg inn - som skulle betalast.

Taklo legg ikkje skjul på at konkurs har vore eit alternativ, og at det ville blitt utfallet utan lånet. Men styret satsar på å ri stormen av, mellom anna av omsyn til stoffleverandørane, fabrikken i Litauen som syr for Frislid Konfeksjon og alle andre leverandrører og samarbeidspartnarar.

- Vi bør ikkje påføre dei kostnadar utan at det er heilt nødvendig, seier Taklo.

Må leve i uvisse
Med lånet på plass er faren over i første omgang. Men Taklo er likevel innstillt på å leve med uvisse lenge framover.

- Den held fram heilt til vi veit korleis koronaen endar, seier han.

I mai reknar veveria i Italia, der Frislid Konfeksjon kjøper stoffa sine frå, med å starte produksjonen igjen. Til vanleg reknar Taklo med tre månader leveringstid frå veveria og to månadar på å få sydd plagga. Når haustsesongen startar i august seier det seg sjølv at det er svært knapp tid. Normalt er det lagt inn marginar for forseinkingar, no er det ikkje rom for slikt. Rekk Frislid ikkje sesongen i tide risikerer selskapet å måtte selje med rabattar som tek lønsemda.

Frislid treng og stoff for å lage prøvekolleksjonen for vår og sommarsesongen 2021. Den skal vere klar til visning i august i år.

Lette i reiserestriksjonane

Skal alt klaffe for Frislid må det blir ei lette i restriksjonane som blei innført 12. mars i år.

Forretningsfolk på heimekontor kjøper ikkje dressar. Avlyste og utsette kurs, konferansar, konfirmasjonsfestar, bryllup, bursdagsfestar og kulturarrangement gir heller ikkje sal.

- Vi må oppheve reiserestrikasjonane, seier Taklo om kva som må til for å få hjula til å rulle, men legg til at omsynet til folk si helse må kome først..

ValutasmellFrislid Konfeksjon har 12 tilsette, sju av dei ved hovudkontoret og distribusjonssentralen på Nordfjordeid. Plagga blir sydd av ein underleverandør i Litauen og betalt i euro, som betyr at valutakursutviklinga er viktig for resultatet til Frislid.

Vekslingskursen mellom euro og kroner gjer at importerte varer nett no er 17 prosent dyrare enn ved årskiftet.

Frislid Konfeksjon er eigd av det finske selskapet Oy Turo Tailor AB, der Rune Taklo eig 23,5 prosent av aksjane.

Eg føler ikkje akkurat at eg står på toppen av pallen

Publisert: 22.04.2020 17:17

Sist oppdatert: 22.02.2022 12:45

Mer om