Nytt
Koronaslutt for Klippfiskakademiet
Klippfiskakademiet blir lagt ned. Styret melder oppbod.
02.04.2020
Årleg har 5000-6000 skuleelevar vore innom Klippfiskakademiet sitt opplegg for å gjere seg kjent med norsk sjømat. Det er eitt av tilboda som forsvinn når Klippfiskakademiet legg inn årane.
Akademiet har arbeidd sidan 2011 med å marknadsføre norsk sjømat, gjennom ulike typar kurs og opplæringstiltak.
Svært synd, meiner styreleiar Paul-Gustav Remøy om nedlegginga.
- Dette har vore ein aktivitet som vi meiner har vore viktig for forståinga av norsk sjømat, seier han.
Godt med bestillingar framover gjorde at styret likevel var innstillt på å halde fram då Klippfiskakademiet kunne opne dørene igjen 1. mars.
- Men så kom koronaen, og det var spikaren i kista, seier Remøy.
Styret si vurdering er at selskapet er insolvent og at selskapet heller ikke vil vere omfatta av dei krisepakkane som er lagt fram for å hjelpe bedrifter gjennom koronakrisa.
Klippfiskakademiet er eigd av Stiftelsen Klippfiskakademiet.
Akademiet har arbeidd sidan 2011 med å marknadsføre norsk sjømat, gjennom ulike typar kurs og opplæringstiltak.
Svært synd, meiner styreleiar Paul-Gustav Remøy om nedlegginga.
- Dette har vore ein aktivitet som vi meiner har vore viktig for forståinga av norsk sjømat, seier han.
Korona var spikaren i kista
I fjor gjekk Klippfiskakademiet i minus. I januar og februar i år var lokala Klippfiskakademiet leiger i Atlanterhavsparken stengt, på grunn av ombyggingsprosjekt, slik at også 2020 starta med minus.Godt med bestillingar framover gjorde at styret likevel var innstillt på å halde fram då Klippfiskakademiet kunne opne dørene igjen 1. mars.
- Men så kom koronaen, og det var spikaren i kista, seier Remøy.
Styret si vurdering er at selskapet er insolvent og at selskapet heller ikke vil vere omfatta av dei krisepakkane som er lagt fram for å hjelpe bedrifter gjennom koronakrisa.
Klippfiskakademiet er eigd av Stiftelsen Klippfiskakademiet.
Publisert: 02.04.2020 13:44
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:55