Koronasmitta paa Olympic skip
Nytt

Koronasmitta på Olympic-skip

Mannskapet sett i karantene om bord,

Marius Rosbach
03.08.2020
Ein arbeidar på skipet Olympic Electra er sett i isolasjon etter å ha testa positivt for Covid-19.
Også 32 personar frå mannskapet er sett i karantene om bord, ifølgje .

Har ikkje vist symptom

Skipet ligg for tida til kai i Mekjarvik utanfor Stavanger. Personen som testa positivt, skal ha kome frå Filippinene og prøva blei gjort i samband med skifte av mannskap 1. august.
Ifølgje kommuneoverlege Ole Bernt Lenning i Randaberg er situasjonen under kontroll og selskapet har følgt prosedyrane.
Verken den smitta, eller andre om bord, har vist symptom på sjukdom. Om det skjer, vil reiarlaget sette inn nye tiltak.

Jobbar med ny finansiering

Skipet er eigd av Olympic Subsea-reiarlaget, der Stig Remøy er største eigar.
Forsyningsskipet som er bygd ved Myklebust-verftet i Sande, var mellom ein rekke skip i oljeservice som tidlegare i år.
Reiarlaget kjempar samtidig for å få sine. Selskapet er i brot med lånevilkåra og frist for å få på plass ny avtale er sett til 1. setpember.

Les også:



Publisert: 03.08.2020 12:40

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:00