Tidlegare denne veka testa ein tilreisande arbeidar ved Ulstein Verft positivt for koronavirus.
Fredag melder kommuneoverlegen i Ålesund om smitte også hos Vard:
"Ein tilreisande arbeidar på ein brakkerigg på Terøya ved Søvik har testa positivt på korona. Meldinga kom seint torsdag kveld 20. august. Personen kom tilreisande frå eit gult land søndag kveld." skriv kommunen i ei pressemelding.
Testinga vart gjennomført i regi av Vard.
- Vard har som følge av eigne interne prosedyrer testa alle tilreisande arbeidarar fra utlandet etter ferien, og personen som no har testa positivt har vore i karantene fram til prøveresultata forelå torsdag kveld, seier kommunikasjonssjef i VARD, Hege Akselvoll i pressemelding.
Nærekontaktar er informert og blir testa i dag, fredag 21. august, og vil vere i isolasjon på ein eigen del på den same brakkeriggen.
Kommuneoverlege i Ålesund kommune og Vard har gjennomført smitteoppsporing, i følgje pressemeldinga.
Vedkomand og to kollegaer er sett i karantene etter testen.
Fredag melder kommuneoverlegen i Ålesund om smitte også hos Vard:
"Ein tilreisande arbeidar på ein brakkerigg på Terøya ved Søvik har testa positivt på korona. Meldinga kom seint torsdag kveld 20. august. Personen kom tilreisande frå eit gult land søndag kveld." skriv kommunen i ei pressemelding.
Testinga vart gjennomført i regi av Vard.
- Vard har som følge av eigne interne prosedyrer testa alle tilreisande arbeidarar fra utlandet etter ferien, og personen som no har testa positivt har vore i karantene fram til prøveresultata forelå torsdag kveld, seier kommunikasjonssjef i VARD, Hege Akselvoll i pressemelding.
Isolert på brakkerigg
Personen som har testa postivt har ingen symptom og er flytta til isolasjon ved Vard sin brakkerigg i Tomrefjorden.Nærekontaktar er informert og blir testa i dag, fredag 21. august, og vil vere i isolasjon på ein eigen del på den same brakkeriggen.
Kommuneoverlege i Ålesund kommune og Vard har gjennomført smitteoppsporing, i følgje pressemeldinga.
Havyard-tilsett i karantene
Også hos Havyard-verftet i Leirvik i Sogn er ein arbeidar frå utlandet sett i karantene etter å ha testa positivt på korona,Vedkomand og to kollegaer er sett i karantene etter testen.
Publisert: 21.08.2020 17:40
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:01