Nytt
Koronastopp for drivstoffsalet
Enorm nedgang rundt E6 i Gudbrandsdalen, litt mindre i nordvest.
03.04.2020
- Ja, vi merkar at biltrafikken har stoppa mykje opp, spesielt når det gjeld privatbilar.
- Det er berre å sjå seg rundt. Det er ikkje mange bilar å sjå.
Selskapet har rundt 65 bensintasjonar langs kysten, pluss fem i Gudbrandsdalen.
- I Gudbrandsdalen har det vorte bråstopp i bensinsalet. Sist veke var det heile 72 prosent nedgang i forhold til same veka i fjor, seier Kleven.
- E6 gjennom Gudbrandsdalen er ei stor gjennomfartsåre, og på grunn av koronakrisa og restriksjonar har folk slutta å flytte seg mellom kommunane eller køyre lange avstander, seier Kleven.
På landsbasis viser statistikken at nedgangen i drivstoffsalet ligg på rundt 40 prosent.
- Vi ligg litt lavare totalt sett. På stasjonane rundt Ålesund er nedgangen berre rundt 25 prosent, seier Kleven.
I tillegg til tankanlegg i Ålesund, har Bunker Oil tankanlegg frå Stavanger i sør til Kirkenes i nord, i alt 25 anlegg.
- Nei, innan fiskeri er det liten koronaeffekt så langt i år, seier Kleven.
Kleven reknar med eit betydeleg omsetningsfall i år, men så langt har ikkje selskapet gått til permitteringar.
- Nei, vi håper at vi slepp det. Vi toler bra ein omsetningssvikt. Det er mange som er i ein langt verre situasjon.
Han trur på ein kraftig rekyl i drivstoffsalet når situasjonen ein gong normaliserer seg.
- Dette tar slutt ein gong, og folk vil på nytt reise.
Han synst tiltaka frå regjeringa har vore fornuftige, med eitt unntak.
- Eg forstod ikkje heilt dette hytteforbodet. Det var merkeleg. Ein skulle tru at det var bra at flest muleg forlet folketette byar, der smittefaren trass alt er klart størst.
- Heldigvis ser ein ut til å ha kome på litt betre tankar etter kvart.
- Det er berre å sjå seg rundt. Det er ikkje mange bilar å sjå.
72 prosent salssvikt
Det seier dagleg leiar Jan Magnus Kleven ved Bunker Oil i Ålesund.Selskapet har rundt 65 bensintasjonar langs kysten, pluss fem i Gudbrandsdalen.
- I Gudbrandsdalen har det vorte bråstopp i bensinsalet. Sist veke var det heile 72 prosent nedgang i forhold til same veka i fjor, seier Kleven.
40 prosent ned på landsbasis
Selskapet har stasjonar på Nora, Dovre, Otta og Sjoa.- E6 gjennom Gudbrandsdalen er ei stor gjennomfartsåre, og på grunn av koronakrisa og restriksjonar har folk slutta å flytte seg mellom kommunane eller køyre lange avstander, seier Kleven.
På landsbasis viser statistikken at nedgangen i drivstoffsalet ligg på rundt 40 prosent.
- Vi ligg litt lavare totalt sett. På stasjonane rundt Ålesund er nedgangen berre rundt 25 prosent, seier Kleven.
Som før for fiskeflåten
Derimot er bunkersleveransane til fiskebåtar ikkje minkande.I tillegg til tankanlegg i Ålesund, har Bunker Oil tankanlegg frå Stavanger i sør til Kirkenes i nord, i alt 25 anlegg.
- Nei, innan fiskeri er det liten koronaeffekt så langt i år, seier Kleven.
Ingen permitterte
Bunker Oil omset drivstoff for over fem milliardar kroner, og er omsetningsmessig det største privateigde selskapet på Nordvestlandet.Kleven reknar med eit betydeleg omsetningsfall i år, men så langt har ikkje selskapet gått til permitteringar.
- Nei, vi håper at vi slepp det. Vi toler bra ein omsetningssvikt. Det er mange som er i ein langt verre situasjon.
- Merkeleg hytteforbod
Sjølv arbeider Kleven frå hovudkontoret, medan fleire andre har heimekontor.Han trur på ein kraftig rekyl i drivstoffsalet når situasjonen ein gong normaliserer seg.
- Dette tar slutt ein gong, og folk vil på nytt reise.
Han synst tiltaka frå regjeringa har vore fornuftige, med eitt unntak.
- Eg forstod ikkje heilt dette hytteforbodet. Det var merkeleg. Ein skulle tru at det var bra at flest muleg forlet folketette byar, der smittefaren trass alt er klart størst.
- Heldigvis ser ein ut til å ha kome på litt betre tankar etter kvart.
Sist veke var det heile 72 prosent nedgang i forhold til same veka i fjor
Publisert: 03.04.2020 14:57
Sist oppdatert: 22.07.2021 14:28