Det er sjømatmessa Seafood Expo North America i Boston som no er avlyst, vert det opplyst på .
Dette er nord-amerikas største sjømatmesse, og skulle gå av stabelen i Boston 15. - 17. mars.
Blant dei over tusen utstillarane, fann ein også ei rekkje norske selskap.
Frå Ålesund skulle blant anna Hofseth International og Ocean Supreme ha eigne stands.
På plass med eige stand skulle også Innovasjon Norge vere, og mange andre.
Det vert vist til at avgjersla har vore vanskeleg å ta, ettersom denne messa er ei av dei store årlege hendingane for sjømatnæringa.
- Vi har høyrt på dei som var bekymra for helse, sikkerheit og reiserestriksjonar, og på grunn av den korte tida fram til messestart, var det uungåeleg å utsetje messa, seier Liz Plizga, Group Vice President, Diversified Communications, i ei pressemelding.
Arrangørane opplyser at ein vil jobbe med å finne eit alternativt tidspunkt å arrangere messa seinare i år.
Dette er nord-amerikas største sjømatmesse, og skulle gå av stabelen i Boston 15. - 17. mars.
Blant dei over tusen utstillarane, fann ein også ei rekkje norske selskap.
Frå Ålesund skulle blant anna Hofseth International og Ocean Supreme ha eigne stands.
På plass med eige stand skulle også Innovasjon Norge vere, og mange andre.
Mange var bekymra
Arrangørane viser til at etter å ha vurdert situasjonen rundt koronaviruset, og etter å ha mottatt hundrevis av bekymra epostar og telefonoppringingar rundt virusfrykt, har ein beslutta å utsetje den førtiande utgåva av sjømatmessa.Det vert vist til at avgjersla har vore vanskeleg å ta, ettersom denne messa er ei av dei store årlege hendingane for sjømatnæringa.
- Vi har høyrt på dei som var bekymra for helse, sikkerheit og reiserestriksjonar, og på grunn av den korte tida fram til messestart, var det uungåeleg å utsetje messa, seier Liz Plizga, Group Vice President, Diversified Communications, i ei pressemelding.
Arrangørane opplyser at ein vil jobbe med å finne eit alternativt tidspunkt å arrangere messa seinare i år.
Publisert: 04.03.2020 12:53
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:53