Målffrid L Inde Louise Haahjem
VEKST: Ein tosifra utlånsvekst til næringslivet og ingen auke i tapa i 2020 rapporterer Målfrid Linde, leiar for bedriftsmarknaden til Nordea Nordvestlandet og Louise Haahjem (innfelt), leiar for sjømatmarknaden i Nordea. Foto: Ogne Øyehaug/Nordea
Nytt

Koronatapa kom ikkje

Nordea sine utlån til bedriftene på Nordvestlandet auka med fire milliardar kroner i fjor.

15.02.2021

- Det har gått mykje betre enn det vi frykta 12. mars i fjor, seier Målfrid Linde, leiar for bedriftsmarknaden i Nordea på Nordvestlandet.

Banken auka ikkje tapsavsetningane på Nordvestlandet i 2020.

Nordea-kontoret i Ålesund er også hovudkontor for Nordea si sjømatavdeling. Til saman fire milliardar kroner i auka utlån frå sjømatavdelinga og bedriftsmarknadsavdelinga i Nordea betyr ein "to-sifra utlånsvekst" i fjor, i følgje Linde.

Veksten i utlån er likt fordelt mellom aktørane i sjømatmarknaden og resten av næringslivet, ifølgje banken.

Vanlege vilkår
Då koronaepidemien og tiltaka mot den kom var det fleire bedrifter som fekk utsett betaling av avdrag. I dag betaler så godt som alle som avtalt etter dei opphavlege låneavtalane, ifølgje banken.

Linde seier ho ventar at dei bransjane som er hardast råka av epidemien vil begynne ei normalisering etterkvart som fleire og fleire personar blir vaksinert.

I sjømatsektoren har bortfallet av hotell og restaurantmarknaden hatt mest å seie for prisen på torsk, eitt av dei viktigaste fiskeslaga i norsk fiskeri. I fjor hadde fiskarane tatt mykje av torskefangsten før epidemien kom og slapp dermed unna prisfallet. I år reknar leiar for sjømatmarknaden i Nordea, Louise Haahjem, med at torskeprisen tek seg opp straks hotell- og restaurantmarknaden kjem tilbake.

Positive bankar
Dei fleste bankane på Nordvestlandet har lagt fram førebelse tal for 2020 og bodskapen er i stor grad at næringslivet har greidd seg bra i koronakrisa.

Les også: Økt optimisme i Sparebanken Møre

Den einaste banken som rapporterer at den har blitt meir usikker på utviklinga i næringslivet er Sparebank1 SMN som bokførte fire gangar høgare tap og tapsavsetninger på næringslivet i 2020 enn i 2019. Over halvparten av tapa - 451 millioner kroner - er tap på utlån til offshorereiarlaga.

Les også: Korona driver tapene opp

Les fleire bankresultat her:

Betre enn venta for Sparebanken Sogn og Fjordane

Sparebank1 Søre Sunnmøre reduserer tapa

Publisert: 15.02.2021 16:01

Sist oppdatert: 16.02.2021 10:09

Mer om