Koronatroebbel for norsk cruiseskip
CRUISE: Cruiseskipet Braemar har koronasmitta om bord, og har blitt nekta å leggje til kai i Karibien. No er skipet på veg til Cuba. 
Nytt

Koronatrøbbel for norsk cruiseskip

Passasjerane på det norskeigde cruiseskipet Braemar får truleg gå i land på Cuba etter at skipet har vorte nekta å leggje til kai fleire stader i Karibien.

16.03.2020
Cruiseskipet er eigd av Fred. Olsen Cruise Lines.
Om bord skal det vere 22 passasjerar og 21 av mannskapet i isolasjon etter at dei har utvikla influensaliknande symptomar.
Av desse er det fem passasjerar som vart testa positivt for koronaviruset då skipet var i hamn i Willemstad, Curaçao 10. mars.
Etterpå har ikkje skipet fått løyve til å til noko hamn.

På veg mot Cuba

Selskapet opplyser på måndag at ein har fått om bord forsyningar medan skipet låg til anker utanfor kysten av Bahamas.
Måndag ettermiddag vart kursen sett mot Cuba, ei reise på rundt 18 timar.
Der har styresmaktene sagt ja til å ta imot skipet, og la passasjerane reise med fly tilbake til Storbritannia, der flesteparten av passasjerane kjem frå.

Fleire skip med problem

Ifølgje er det ei rekkje cruiseskip som no slit med å få kome til hamn.
Av desse er det tre der det er fastslått at det er koronasmitta om bord.
I tillegg til Braemer, gjeld det Silver Shadow and Silver Explorer.

Publisert: 16.03.2020 19:19

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:54