Koronavekst på kjøpesentra
Handelen i kjøpersentra i Ørsta, Ulstein og Nordfjordeid passerer milliarden med god margin, før juleinnspurten.
Handlemønsteret som følgje av koronapandemien har gitt kraftig auke i netthandelen. Likevel er det vekst også i salet hos dei fire lokale kjøpesentera i Ulsteinvik, Ørsta og Nordfjordeid, samanlikna med fjoråret.
Alti Nordfjordeid, Alti Ørsta, Amfi Ulsteinvik og Blåhuset i Ulsteinvik utgjer dei største kjøpesentra utanfor Ålesund på Nordvestlandet. Når det stod att ein månad av 2020 hadde butikkane i desse fire sentra omsett for meir enn 1,1 milliard kroner (sjå oversikt under).
Til samanlikning hadde Amfi Moa-senteret ei omsetning på nær 2,4 milliardar då NETT NO omtala omsetninga ved senteret førre månad. Det betyr at handelen også der held stand i koronaåret.
Omsetning og auke/nedgang samanlikna med i fjor:
- Blåhuset Ulsteinvik omsetning ca. 212 mill. + 9 %
- Amfi Ulsteinvik omsetning ca. 242 mill. + 4,7 %
- Alti Nordfjordeid omsetning ca. 343 mill. +2,5 %
- Alti Ørsta omsetning 320 mill. +/-0,0 %
(tal ved utgangen av november)
Alle senterleiarane fortel at handelen har teke seg kraftig opp, etter koronabremsen dei fleste opplevde i vår. Blåhuset i Ulsteinvik og Amfi Ulsteinvik har hatt den sterkaste veksten av dei fire sentera.
– Eg må seie at eg har blitt overraska over korleis utviklinga har vore utover hausten, fortel senterleiar Helene Holstad ved Amfi Ulsteinvik til NETT NO.
Opplever at mange handlar lokalt
Allereie ved utløpet av november hadde verksemdene på senteret i Ulsteinvik sentrum bikka 242 millionar i omsetning for året. Det gir ei auke på 4,7 prosent samanlikna med i fjor.
Holstad er svært fornøgd med tala og meiner kundane har teke «signalet» om å handle lokalt.
– Eg har inntrykk av at folk har vore kjempeflinke til å handle lokalt, og det betyr mykje for oss. På den måten greier vi ta vare på det gode tilbodet til kundane og ikkje minst, sikre arbeidsplassane, seier senterleiaren.
Auke på ni prosent ved Blåhuset
Ved Blåhuset i Ulsteinvik har veksten vore enno sterkare. Senterleiar Kathrine Gåsvik Ulstein er samd med kollegaen i synet på at folk sluttar opp om lokalhandelen.
Ho kan fortelje at dei ved utgangen av veke 48 hadde auka omsetninga med ni prosent samanlikna med i fjor. Det er ho sjølvsagt svært nøgd med.
– Betalande kundar held seg rimeleg stabilt samanlikna med i fjor, så folk handlar nok for større beløp og er meir bevisste på kva dei handlar, meiner Ulstein.
Senterleiaren fortel at daglegvare og servering er mellom dei som har hatt stor auke i år, saman med faghandel og service.
Senteret har også Vinmonopol, som saman med helsekost, sport, bokhandel, hobby og apotek har drege opp omsetninga.
– Sport, hus og heim er handelsvinnarane
Alti-sentera i Ørsta og Nordfjordeid har hatt ei litt svakare utvikling, enn sentera i Ulsteinvik. I Nordfjordeid har dei i auke i omsetninga på 2,5 prosent, medan Ørsta-senteret er på same nivå som i fjor. Begge desse sentera har dei siste åra omsett for meir enn 300 millionar kroner (sjå oversikt over).
Senterleiar Inger Sandvik Sundnes i Ørsta meiner dei er i rute med omsetninga. Men ho legg ikkje skjul på at det har vore store skilnader mellom bransjane.
– Det er diverre ikkje alle som opplever auke, eller stabil handel, samanlikna med i fjor. Sport, hus og heim er handelsvinnarane. Medan klede og sko ligg noko etter fjoråret, sjølv om det også er skilnad mellom butikkane, påpeiker ho.
Også Sundnes opplever at kundane ønsker å støtte det lokale næringslivet.
– Det ser ut til at bodskapen om lokalhandel og viktigheita av dette, har nådd fram til kundane her lokalt, seier ho.
Tidleg start på julehandelen
Under «tilbodsveka» Black Week var det tydeleg at mange var godt i gong med julehandelen. På Blåhuset i Ulsteinvik hadde enkelte av butikkane dobla omsetning samanlikna med same veke i fjor.
Alle sentera har naturlig nok stor merksemd på smittevern og fortel at folk følgde oppmodinga om å spreie handelen over fleire dagar.
Senterleiar Sundnes i Ørsta fortel om det same mønsteret som dei andre, med auke for heile veka, med nedgang på fredagen som tidlegare år har vore den store handledagen.
Det har vore spådd tidenes julehandel, mellom anna som følgje av at folk ikkje kan bruke pengar på reiser. Handelen har vore rekordhøg også i den første veka i desember, viser førebelse tal frå Virke (sjå fakta til oppe høgre - under om du les på mobil).
Senterleiaren i Ørsta er spent på om desemberomsetninga vil helde seg oppe.
– Samla sett trur vi at vi skal kome godt ut av 2020, seier Sundnes.
Les også: Handelen på Moa holder stand
Håper på comeback for lokalhandel
Analyse: Eit todelt næringsliv i koronaåret
Klesveteraner tror på egen framtid
Oppmodar om å bruke lokale bedrifter
Eg har inntrykk av at folk har vore kjempeflinke til å handle lokalt, og det betyr mykje for oss
Publisert: 11.12.2020 11:27
Sist oppdatert: 06.01.2022 13:57