Kostnadskutt skal gi pluss
50 PROSENT OPP: Brunstad har auka salet med 50 prosent i mai i år samanlikna med mai 2019. Folk kjøper møblar når dei ikkje skal på ferieturar, meiner Brunstad-sjef Ronny Bjøringsøy.
Nytt

Kostnadskutt skal gi pluss

Inntektene fall og møbelprodusenten Brunstad gjekk i minus i fjor, men kostnadskutt skal sikre plussresultat.

17.06.2020

Brunstad samlar stolproduksjonen i Sykkylven og sofaproduksjonen hos søsterselskapet Violante Mööbel i Estland, skal produsere skumplastputene til stolane sjølve og har samordna oppgåver i adminstrasjonen.

Summen av dette skal gi "betydleg" kostnadskutt, seier dagleg leiar Ronny Bjøringsøy. Verknaden kjem for fullt neste år.

- Dette blir ein mellomår, seier han om 2020.

Bjøringsøy vil ikkje talfeste kostnadskutta, men seier Brunstad hadde hatt overskot i fjor om alle kostnadskutta hadde vore på plass då.

2019 blei det fjerde året på rad med nedgang i driftsinntektene for Brunstad og det andre året på rad med underskot.


Færre i Sykkylven

Sofaproduksjonen er meir arbeidsintensiv enn stolproduksjon, og spesialisering på stolar i Sykkylven og sofaer i Estland betyr at det blir 13 færre i produksjonen i Sykkylven. I Estland er det 55 tilsette, og der er det planar om å auke arbeidsstokken.


Når endringane er gjort vil det vere omlag 20 i produksjonen og 17 i administrasjonen (medrekna seljarane) i Sykkylven.

Trass lønsvekst i Estland dei siste åra er lønsnivået i Noreg framleis omlag tre gangar høgare enn i Estland seier Bjøringsøy.

50 prosent auke


Brunstad sel møblane sine hos alle dei norske møbelkjedene og har dessutan ein eksportandel på rundt 30 prosent, til Sverige og Danmark.

Då koronaepeidemien og tiltaka mot den kom i mars stilna salet, men etterpå har det tatt seg kraftig opp.

I mai selde Brunstad 50 prosent meir enn mai i fjor og er alt no like ved å passer salet for heile juni 2019.

At folk må halde seg heime har vore bra for møbelhandelen, trur Bjøringsøy.


- Folk reiser ikkje. Vi har konkurrert med den biten, seier han.

Brunstad er eigd av Hadi Invest (51,2 prosent) og av Hadi Invest sitt datterselskap Brunstad Invest (48,8 prosent). Hadi Invest er eigd av Olaug Strand Brunstad, og er morselskap i konsernet. Hadi Invest-reknskapen for 2019 er ikkje offentleg enno. Violante Mööbel hadde eit overskot før skatt på 0,3 millionar kroner i fjor.

Publisert: 17.06.2020 11:19

Sist oppdatert: 30.06.2021 11:02