Kraft for 300 millionar
STORFORBRUKAR: Dåverande olje- og energiminister Terje Søviknes under opninga av Lefdal Mine Datacenter i mai i 2017 fjor. Søviknes og resten av regjeringa la i fjor fram ein strategi for å gjere Noreg til en stor datasenternasjon.
Nytt

Kraft for 300 millionar

Sogn og Fjordane Energi har søkt om å mangedoble kraftforsyninga til Lefdal Mine Datacenter.

12.05.2020
Datalagringselskapet Lefdal Mine Datacenter er ute etter investorar for å finansiere ein kraftig vekst. Fleire kundar vil også bety at datalagringssenteret i den nedlagte olivingruva i Lefdal i Nordfjord må ha meir straum.

Etter å ha utvida kapasiteten ein gong sidan opninga er forsyningskapasiteten no på 20 Megawatt. Det er det over det dobbelte av forbruket i dag, men ikkje nok om datasenteret får den veksten selskapet drøymer om.

Har søkt om meir

Sogn og Fjordane Energi - som er medeigar i Lefdal Mine Datacenter - søkt i fjor NVE og konsesjon til å utvide kapasiteten opp til 60-100 Megawatt.
100 Megawatt tilsvarar straum til 40.000-50.000 husstandar. Eit slikt forbruk vil gjere datasenteret til ein av det største straumforbrukarane i Sogn og Fjordane, og vil vere nærleiken av straumforbruket til Norsk Hydro sitt smelteverk i Høyanger og smelteverket i Svelgen.
Med dagens prisar er det snakk om 250-300 millionar kroner i årleg betaling for kraft og nettleige, i følgje Sogn og Fjordane Energi sitt anslag.

Svar i år

Asgeir Aase, konserndirektør for kraftnettet i Sogn og Fjordane Energi, seier det er sannsynleg NVE blir ferdig med sakshandsaminga i løpet av dette året. For å få fram nok kraft må kraftlina som passerer Bryggja i Nordfjord forlengast til Lefdal, der det må byggast ein transformatorstasjon.
Utbygginga vil koste 70-80 millionar kroner, anslår Aase.
Det er ein kostnad som kunden må ta.

Publisert: 12.05.2020 13:32

Sist oppdatert: 12.06.2022 13:59

Mer om