Redning
FORLIS: Mange ulukker med mindre fiskebåtar hittil i år. Illustrasjonsfoto: Redningsselskapet
Nytt

Kraftig auke i ulukker med mindre fiskefartøy

Ei dobling av ulukker med fartøy under 15 meter hittil i år.

NPK
25.11.2021

Tal frå Sjøfartsdirektoratet viser at det er registrert 4.226 norske fiskefartøy under 15 meter. Statistikken viser at det i 2020 var registrert 30 ulykker med denne fartøygruppa.

Hittil i år har talet stige til 45, melder Skipsrevyen.

Meir kontroll
Tidlegare denne veka kom Statens havarikommisjon med ei oppmoding til Sjøfartsdirektoratet om å intensivere kontrollen med mindre fiskefartøy.

– Det er aldri positivt å sjå at talet på ulukker aukar og det er noko vi alltid ser alvorleg på. Ulykker er eit viktig grunnlag for arbeidet vår og det legg føringar for prioriteringane våre.

- Ulykker som blir rapporterte inn til direktoratet blir gått gjennom, og det blir vurdert tiltak som kan vere med på å hindre at slike ulykker skjer igjen, seier kommunikasjonsrådgjevar Marit Nilsen i Sjøfartsdirektoratet.

Færre dødsfall
Også talet på forlis har stige kraftig, frå åtte i 2020 til 14 hittil i år.

Samstundes har talet på dødsfall i samband med ulykker går ned. I 2018 var det seks dødsfall i denne fartøygruppa, medan talet i 2020 var to. Hittil i år er det registrert eitt dødsfall.

Publisert: 25.11.2021 11:03

Sist oppdatert: 25.11.2021 11:36

Mer om