(NPK-NTB-Mette Estep): Norske nettbutikkar har det siste halvåret selt sports- og fritidsutstyr for 90 prosent meir enn i same periode i fjor. Især unge vil ut i naturen.
Statistikk frå betalingsløysinga Klarna frå perioden 21. mars til 21. september i år stadfestar den generelle trenden: Sal av sports- og fritidsutstyr aukar i koronatida.
Det vart mellom anna tydeleg etter andre kvartal i år, då sportskjedene i Norsk Sportsbransjeforening på 17,7 prosent samanlikna med andre kvartal i fjor.
På nett er salsauken svært markant, og gjennomgåande for heile koronaperioden, så det har ikkje nødvendigvis vore slik at folk har handla mykje i byrjinga av perioden for dermed å «ha det dei treng».
– Berre dei siste tre vekene i september auka omsetninga av sports- og fritidsutstyr med heile 54 prosent samanlikna med same periode i fjor, opplyser Klarna til NTB.
Dei har mellom ein tredel og halve marknaden for netthandel, og meir enn 7.100 norske nettbutikkar nyttar seg av løysingane deira.
– Mange av nettbutikkpartnarane våre har merka ein kraftig auke i interessa for å kjøpe treningsutstyr, men også i salet av fritidsprodukt. Denne trenden ser vi held fram med full styrke no i haust, seier marknadsdirektør i Klarna Noreg Thomas Elvestad.
Særleg dei unge søkjer ut. Blant dei mellom 18 og 25 år seiar heile 66 prosent at dei har vore meir utandørs sidan mars enn dei pleier.
Det er òg dei som i størst grad har shoppa nytt utstyr til formålet. 50 prosent av dei unge har til dømes kjøpt friluftsutstyr for å vere meir ute i naturen.
– Det var jo slåande i sommar kor mange som hadde handla fargesterke turklede, telt og hengekøyer. Marka har vore «full» i heile sommar, seier han.
Forfattaren bak boka «Verden på vippepunktet – hvor ille kan det bli» kjem i haust med den fjerde utgåva av bestseljaren og har oppdatert boka med tillegg om korona, slik at ho har fått med dette aspektet, inkludert kva krisa har gjort med folks forhold til naturen.
– Trur du dette var ein trend som var på veg, at vi ville trena meir og søkt ut til norsk natur uansett, koronaen berre skunda på det? Og vil det vare?
– Eg trur mange med dette har gjenoppdaga nærnaturen, og innser at graset ikkje er grønare i Spania enn i Noreg. Eg trur òg gleda av langsamare tid, rolegare ferie og ei meir medviten haldning til flyturar og miljø bidreg sterkt, og at i alle fall noko av denne trenden vil vi ta med oss vidare. Så trur eg òg mange innsåg kor vakkert det er i Noreg, og ein del har sikkert vore ti gonger i Hellas, men aldri i Nord-Noreg, meiner Hessen, som sjølv seier at det var ei stor oppleving å «gjere» Helgelandskysten i sommar.
46 prosent oppgir at dei har trena meir enn før det siste halvåret. Over 60 prosent av dei som har auka treningsinnsatsen, oppgir at dei har kjøpt nytt treningsutstyr til utetrening det siste halvåret.
Syklar har selt ekstremt bra, så bra at nokre av forhandlarane har hatt utfordringar med å dekke etterspurnaden. Oppmodinga frå styresmaktene om å unngå offentleg transport, førte til at salet av syklar til jobb- og skulebruk, spesielt elsyklar, voks kraftig heilt frå mars av, i tillegg til at ønsket om å komme seg meir ut bidrog då godvêret kom for alvor.
Norsk Sportsbransjeforening har anslått at årets elsykkelsal vil slå alle rekordar, og ende med omkring 80.000 selde elsyklar.
(©NPK)
Statistikk frå betalingsløysinga Klarna frå perioden 21. mars til 21. september i år stadfestar den generelle trenden: Sal av sports- og fritidsutstyr aukar i koronatida.
Det vart mellom anna tydeleg etter andre kvartal i år, då sportskjedene i Norsk Sportsbransjeforening på 17,7 prosent samanlikna med andre kvartal i fjor.
På nett er salsauken svært markant, og gjennomgåande for heile koronaperioden, så det har ikkje nødvendigvis vore slik at folk har handla mykje i byrjinga av perioden for dermed å «ha det dei treng».
– Berre dei siste tre vekene i september auka omsetninga av sports- og fritidsutstyr med heile 54 prosent samanlikna med same periode i fjor, opplyser Klarna til NTB.
Dei har mellom ein tredel og halve marknaden for netthandel, og meir enn 7.100 norske nettbutikkar nyttar seg av løysingane deira.
Ut i naturen
I ei spørjeundersøking i dei nordiske landa om netthandelsvanar, gjennomført av marknadsanalyseselskapet CINT i perioden 14. til 21. september for Klarna, seier ein av tre spurde nordmenn at dei har netthandla fritidsutstyr under koronakrisa for å vere meir ute i naturen. Meir enn halvparten, 53 prosent, har vore meir ute i naturen sidan koronaen kom i mars.– Mange av nettbutikkpartnarane våre har merka ein kraftig auke i interessa for å kjøpe treningsutstyr, men også i salet av fritidsprodukt. Denne trenden ser vi held fram med full styrke no i haust, seier marknadsdirektør i Klarna Noreg Thomas Elvestad.
Særleg dei unge søkjer ut. Blant dei mellom 18 og 25 år seiar heile 66 prosent at dei har vore meir utandørs sidan mars enn dei pleier.
Det er òg dei som i størst grad har shoppa nytt utstyr til formålet. 50 prosent av dei unge har til dømes kjøpt friluftsutstyr for å vere meir ute i naturen.
Vil ut eller må ut?
Professor i biologi ved Universitetet i Oslo, Dag O. Hessen, er ikkje overraska over tala.– Det var jo slåande i sommar kor mange som hadde handla fargesterke turklede, telt og hengekøyer. Marka har vore «full» i heile sommar, seier han.
Forfattaren bak boka «Verden på vippepunktet – hvor ille kan det bli» kjem i haust med den fjerde utgåva av bestseljaren og har oppdatert boka med tillegg om korona, slik at ho har fått med dette aspektet, inkludert kva krisa har gjort med folks forhold til naturen.
– Trur du dette var ein trend som var på veg, at vi ville trena meir og søkt ut til norsk natur uansett, koronaen berre skunda på det? Og vil det vare?
– Eg trur mange med dette har gjenoppdaga nærnaturen, og innser at graset ikkje er grønare i Spania enn i Noreg. Eg trur òg gleda av langsamare tid, rolegare ferie og ei meir medviten haldning til flyturar og miljø bidreg sterkt, og at i alle fall noko av denne trenden vil vi ta med oss vidare. Så trur eg òg mange innsåg kor vakkert det er i Noreg, og ein del har sikkert vore ti gonger i Hellas, men aldri i Nord-Noreg, meiner Hessen, som sjølv seier at det var ei stor oppleving å «gjere» Helgelandskysten i sommar.
Mykje sykling
I den landsrepresentative undersøkinga deltok 1.077 nordmenn, og sjølv om trongen til å søkje seg ut i naturen verkar størst, er òg treningslysta stor.46 prosent oppgir at dei har trena meir enn før det siste halvåret. Over 60 prosent av dei som har auka treningsinnsatsen, oppgir at dei har kjøpt nytt treningsutstyr til utetrening det siste halvåret.
Syklar har selt ekstremt bra, så bra at nokre av forhandlarane har hatt utfordringar med å dekke etterspurnaden. Oppmodinga frå styresmaktene om å unngå offentleg transport, førte til at salet av syklar til jobb- og skulebruk, spesielt elsyklar, voks kraftig heilt frå mars av, i tillegg til at ønsket om å komme seg meir ut bidrog då godvêret kom for alvor.
Norsk Sportsbransjeforening har anslått at årets elsykkelsal vil slå alle rekordar, og ende med omkring 80.000 selde elsyklar.
(©NPK)
Trenden ser vi held fram med full styrke no i haust
Publisert: 05.10.2020 08:06
Sist oppdatert: 07.04.2021 17:27