Kraftig sjoematfall i august
Eksportverdien av sjømat, og særleg laks, var i august lågare enn same periode i fjor, ifølgje Noregs sjømatråd. 
Nytt

Kraftig sjømatfall i august

Noregs sjømatråd trur dei veit årsaka. 

03.09.2020
NPK-NTB: I august vart det eksportert sjømat til ein verdi av 7,3 milliardar kroner. Det er eit fall på 1,2 milliardar, eller 14 prosent, samanlikna med august i fjor.
Men så langt i år har Noreg eksportert sjømat for totalt 68,2 milliardar kroner, 781 millionar meir enn i dei åtte første månadene av 2019, viser ferske tal frå Noregs sjømatråd.

Mindre fisk og sterkare krone

Nedgangen kjem av både svekt etterspurnad og at verdien på den norske krona har styrkt seg samanlikna med tidlegare i år, fortel direktør for marknadsinnsikt og marknadstilgang i Noregs sjømatråd, Tom-Jørgen Gangsø.
Mesteparten av fallet er forårsaka av laks og torsk, der eksportverdien er redusert med høvesvis 764 millionar og 236 millionar kroner.
– Årsaka til lågare etterspurnad er samansett, men feriemodus i Europa og redusert restaurantkonsum er noko av forklaringane, seier Gangsø.

Publisert: 03.09.2020 10:18

Sist oppdatert: 07.04.2021 15:33