20210908 063111 1
VIGRA: Kraftig trafikkvekst over Vigra, og det er utlandstrafikken som dreg mest opp, men ligg framleis bak 2019. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Rett opp for flytrafikken

Meir enn tredobling på eitt år på Vigra, men ligg enno bak 2019.

13.06.2022

I mai reiste 87.943 passasjerar over Ålesund lufthamn, Vigra. Det er ein auke på 321 prosent samanlikna med mai i fjor.

Lufthamnsjef Tor Hånde opplyser at det er utlandstrafikken som står for den sterkaste veksten.

- Det er naturleg på grunn av at det på same tid i fjor var strenge restriksjoner på utlandstrafikk.

Månadstala frå Avinor viser ein auka i utlandstrafikken over Vigra på 3279 prosent.

Ligg bak 2019
Det er rutene til Amsterdam, Gdansk, Kaunas og Alicante, samt charter til Kreta som står for veksten, seier Hånde.

Trass auken er trafikken i mai i år 13 prosent lavare enn tilsvarande månad i 2019, det siste normalåret før pandemien.

- Her er det innlandstrafikken som har minst avvik mot 2019, med ein nedgang på 4,7 prosent. Utlandstrafikken ligg framleis 35 prosent under 2019 nivået.

- Det skuldast hovedsakeleg at chartertrafikken og antal avgangar til Amsterdam enno ikkje har kome opp på nivået det var på før pandemien.

Meir enn dobling på Årø
Totalt i år har det reist 325.457 passasjerar over Ålesund lufthamn, Vigra. Det er ein auke på 248 prosent samanlikna med fjoråret.

Molde lufthamn, Årø, har same utvikling som Vigra. Her reiste det 33.702 passasjerar i mai, ein auke på 220 prosent samanlikna med mai i fjor.

Hittil i år har det reist 120.339 passasjerar over Årø, ein vekst på 211 prosent samanlikna med same tid i fjor.

Hovden og Anda
Ørsta Volda lufthamn, Hovden, har ein auke i mai på 109 prosent, då det reiste 10.078 passasjerar over flyplassen. Hittil i år er trafikktala 39.011, opp 92 prosent.

Tilsvarande auke har Anda på Sandane. Her er auken i mai på 103 prosent, til 44.401 passasjerar. Hittil i år har det reist 5.487 passasjerar, ein auke på 91 prosent.

Avinor opplyser totalt reiste det 4 195 557 passasjerar til, frå eller via Avinors lufthamner i mai 2022. Dette er ein auke på 293 prosent samanlikna med fjoråret.

Samanliknar ein med mai 2019 er det derimot ein nedgang på 10 prosent.

Publisert: 13.06.2022 08:53

Sist oppdatert: 13.06.2022 08:59

Mer om