Kraftig utvatning i Havila Shipping
Ved komande årsskifte kan Havila Holding og långivarane eige 98 prosent av selskapet.
Refinansieringsavtalen av offshorereiarlaget, som blei inngått i 2020, gir långivarane rett til å gjere om ikkje renteberande gjeld til aksjar ved utløpet av 2024. Den gjelda er på 1,3 milliardar kroner.
Per i dag vil det gi bankane ein eigarandel på 35 prosent og obligasjonslångivarane ein eigarandel på 12 prosent i offshorereiarlaget.
Samstundes har storaksjonær Havila Holding rett til å gjere om eit aksjonærlån på 100 millionar kroner om til aksjar og dermed oppretthalde sin eigarandel på 50,96 prosent.
Dei øvrige eigarane per i dag vil dermed sitte att med ein eigarandel på knappe to prosent etter gjeldskonverteringa.
(Långivarane kan og velge å forlenge låneavtalane med eitt år.)
Skriv opp skipsverdiane
Gode marknadsutsikter gjer at Havila Shipping reverserer tidlegare nedskrivingar og skriv opp verdien av skipa sine med 400 millionar kroner i fjerde kvartal.
Det melder selskapet i kvartalsrapporten for 4. kvartal 2023.
Oppskrivinga aukar og gjelda med 479 millionar kroner, fordi verdien av å gjere om gjeld til aksjar blir større.
Positiv trend
Ved årsskiftet dreiv Havila Shipping ein flåte på 14 fartøy, åtte av dei heil- eller deleigde.
I 4. kvartal var flåteuttnyttinga 93 prosent.
"Markedet har vist en positiv trend i fjerde kvartal, hvor det inngås kontrakter på høyere nivå både innenfor PSV- og subsea-segmentet. Med utgangspunkt i markedsutviklingen er inntektsforventningene økt de nærmeste årene, ", skriv Havila Shipping i kvartalsrapporten.
Reparasjonsemisjon
Etter ei gjeldskonvertering kan resten av aksjonærane i Havila Shipping få sjansen til å gå inn med pengar for dermed auke eigarandelen sin:
"Aksjonærer vil bli utvannet som følge av långivernes rett til å konvertere ikke
rentebærende transje til 47% av aksjene i selskapet. Havila Holding AS har
rett til å konvertere hele eller deler av likviditetslånet for å opprettholde sitt
eierskap i selskapet på 50,96%. Avtalen inneholder en rett for selskapet til
å gjennomføre reparasjonsemisjon etter utløpet av avtaleperioden. Dersom
en eller flere långivere forlenger avtaleperioden med ett år, vil eventuell
reparasjonsemisjon bli utsatt tilsvarende.
Størrelsen på en framtidig reparasjonsemisjon vil fastsettes med utgangspunkt i en vurdering av utvanningseffekten som følger av avtalen.", heiter det i kvartalsrapporten.
Havila Holding, som er største aksjonær i Havila Shipping, er også medeigar i Bakkar og Berg Media, som gir ut NETT NO.
Havila Shipping ASA | ||
Per 4. kvartal. I mill. kroner | 2023 | 2022 |
Driftsinntekt | 912,2 | 824,4 |
Driftsresultat | 238,7 | 439,7 |
Resultat før skatt | -80,5 | -111,6 |
Havila Shipping ASA | ||
4. kvartal. I mill. kroner | 2023 | 2022 |
Driftsinntekt | 162,2 | 171,9 |
Driftsresultat | 448,7 | 238,7 |
Resultat før skatt | -28,7 | -80,5 |
Publisert: 27.02.2024 16:08
Sist oppdatert: 27.02.2024 16:14