Kraftig vekst for Cflow
VEKST: Cflow Fish Handling auka driftsinntektene med over 30 prosent i år, spesielt takka vere etterspørsel etter anlegg til brønnbåtar. I år er reiserestriksjonar og svak norsk krone utfordringar.
Nytt

Kraftig vekst for Cflow

Spesielt brønnbåtmarknaden løfta inntektene i 2019. Etter korona er problemet å få folk ut til kundane.

14.05.2020
- 80 prosent av omsetninga vår er internasjonal. Det har vore ein god marknad, spesielt innan brønnbåt, seier dagleg leiar Arnstein Johansen i Cflow Fish Handling i Sula.
Selskapet lagar utstyr til sjømatnæringa og hadde ein vekst i inntektene på over 30 prosent i fjor. Samstundes som resultatet blei snudd frå minus til pluss.
2020 starta også godt.
- Så langt har det sett veldig bra ut, seier Johansen.

Forseinka prosjekt

Det som har skapt størst problem i år er internasjonale reiserestriksjonar på grunn av koronaepidemien. Mange Cflow-anlegg blir montert på utanlandske verft. No har Cflow sine folk som skal følge opp byggearbeid og starte anlegga, vanskar med å reise. De fører til forseinkingar og utsetjingar, trass i at ein del oppdrag let seg løyse med oppfinnsomheit og samarbeid, i følgje Johansen.
Han håpar no å sjå dei første teikna på ei oppmjuking av reiserestriksjonane, i alle fall i EØS-landa.
Ettermarknaden til Cflow, vedlikehald og reparasjonar, er stort sett i Noreg - og der er ikkje reiserestriksjonar for selskapet.
Av selskapert sine omlag 100 tilsette er fem permitterte per i dag.

Større selskap

I 2018 blei Cflow kjøpt av PG Flow Solutions, som har produksjon og hovedkontor i Sande i Vestfold.
PG Flow Solutions er spesialistar på veskehandtering og pumper. Før oljeprisen stupte i 2014 var selskapet retta mot leveransar til skip- og plattformer i oljebransjen. Etter oljeprisfallet snudde PG Flow Solutions seg mot fiskeri- og oppdrett.

Cflow eig selskapet Marinequip, . Også det selskapet hadde vekst og betre lønsemd i fjor.

Publisert: 14.05.2020 10:53

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:57