Kraftig vekst for Innvik
DOBLING: Held Bjørn Aage Haugen i møbelstoffprodusenten oppe veksttakta vil salet doble seg frå 2016 til 2019.
Nytt

Kraftig vekst for Innvik

Møbelstoffprodusenten Innvik i Stryn auka salet med nesten 20 prosent i fjor.

30.03.2017
Klarer dagleg leiar og medeigar Bjørn Aage Haugen å oppretthalde veksttakten i 2017 og 2018 er han langt på veg mot målet om å doble driftsinntektene.
Haugen er trygg på at målet blir nådd.
-Det er heilt sannsynleg, seier han.
Innvik gjekk tidleg i 2016 i kompaniskap med den danske møbelstoffleverandøren Kvadrat, mellom anna for å få opp eksporten frå Innvik.
Det slo positivt ut. Den største veksten i 2016 kom frå eksport. Eksportandelen i fjor var på rundt 60 prosent, og for første gang er eksportandelen høgare enn salet i innanlandsmarknaden.

Skjult vekst

Alliansen med Kvadrat, som no er 30 prosent eigar i Innvik, innber mellom anna av sal og marknadsføring i Noreg er flytta til Kvadrat Norge as. Det betyr at ein del av omsetninga er flytta ut av selskapet, slik at veksten i fjor blir delvis kamuflerte (sjå tabell).

Den underliggande veksten er på 19,4 prosent, i følgje årsmeldinga. Selskapet ventar vidare vekst også i år.

Meir kapasitet

Innvik har investert rundt fire millionar kroner i nytt produksjonsutstyr i løpet av 2015 og 2016.
Det er eit ledd i eit investeringsprogram for fornyinga av produksjonslinjen, og det skal investerast mellom to og fire millionar kroner også i år, i følgje Haugen.
Innvik sysselsette nesten 40 årsverk i 2016. I år har selskapet tilsett to nye personar, og er oppe i 47 tilsette på heil og deltid.
Gjennom eigne selskap er Bjørn Aage Haugen, Olav Rune Haugen, Arve Reidar Haugen og Geir Haugen største eigarar i Innvik Holding. Dei eig og Sacco of Norway som sel og distribuerer Sacco-sekken. (sjå tabell).

Publisert: 30.03.2017 15:58

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:07