Kraftig vekst for Selstad
VEKST-STRATEGI: Marknadsdirektør Marit Selstad og Hans Petter Selstad var på Aqua-Nor-messa i fjor for å kapre nye kundar. Når 2020-tala kjem på bordet vil konsernet ha meir enn dobbelt så store inntekter som i 2017.
Nytt

Kraftig vekst for Selstad

Selstad-konsernet auka inntektene med over 11 prosent i fjor, og ligg an til god vekst også i år. 

11.09.2020
- Alle vil vekse og ta auka marknadsandelar sa Selstad-sjef Hans Petter Selstad til NETT NO i august i fjor.

Fiskeutstyrsleverandøren i Måløy har lukkast med vekstambisjonane sine. I fjor auka konsernet driftsinntektene frå 445 til 494 millionar kroner. Selstad as, som er hovudselskapet i konsernet, hadde ein vekst i driftsinntektene på 11 prosent frå 2018 til 2019 og ligg så langt i år til å vekse like mykje som i fjor. (Sjå resultat-tal i tabell - på mobil finn du tabellen nederst på sida)
I tillegg kjem at Selstad-konsernet ved årsskiftet kjøpte ut majoritetseigaren i den islandske utstyrsprodusenten Isfell, og gjekk frå å eige 43 prosent til å eige heile selskapet. Hans Petter Selstad anslår driftsinntekter blir på 250-300 millionar kroner i Isfell, som kjem i tillegg til verksemda i Noreg.

800 millionar kroner

Det betyr at når 2020-reknskapen er klar kan Selstad-konsernet ha passert 800 millionar kroner i driftsinntekter. Omlag halvparten av inntektene til Selstad-konsernet blir no henta i utlandet, anslår Selstad.
I vår kjøpte Selstad også ein aksjepost på 36 prosent i utstyrsprodusenten Fosnot i Herøy. Fosnot sitt viktigaste produkt er snurpenøter. Selskapet tilbyr og notservice og lagring, i tillegg til flåteservice og butikk.

Selstad seier det familieigde selskapet framleis har ein vekststrategi og er ope for å gjere nye oppkjøp.

Konsolidering

Fiskeri- og oppdrettsutstyrsbransjen er inne i ei konsolidering, der aktørane blir større gjennom samanslåingar og oppkjøp.
Den førebels største transaksjonen er investeringsselskapet FSN Capital sitt oppkjøp av Mørenot, med påfølgande planar om ytterlegare oppkjøp, vekst og børsnotering.

Publisert: 11.09.2020 15:56

Sist oppdatert: 01.03.2021 14:09