Krev meir kompensasjon til reiselivet
FEM STRAKSTILTAK: Direktør Kristin Krohn Devold i NHO Reiseliv meiner regjeringa må gjerne meir for reiselivet. 
Nytt

Krev meir kompensasjon til reiselivet

NHO Reiseliv vil ha på plass fem strakstiltak.

04.01.2021
(NPK-NTB): Regjeringa må umiddelbart følgje opp dei nye koronatiltaka med å forbetre og forlengje kompensasjonsordningane for reiselivet, krev NHO.
– Vi har forståing for behovet for smitteverntiltak, men konsekvensen er at uventa kostnader igjen blir over velta på reiselivsbedriftene. Når staten innfører så inngripande tiltak over natta, må òg staten ta ein større del av kostnadene, seier direktør Kristin Krohn Devold i NHO Reiseliv i ei pressemelding.
I tillegg til kompensasjonsordninga meiner NHO at staten må dekkje lønnspliktperioden til arbeidsgivar og forlengje permitteringsperioden.

– Urimeleg

Krohn Devold peikar på at dei nye tiltaka vil treffe heile reiselivet, men spesielt ein allereie hardt ramma serverings- og overnattingsbransje. Skjenkestopp betyr i praksis nedstenging av veldig mange bedrifter, påpeikar ho.
– Primært burde det ha komme ei lovendring som reduserer lønnspliktperioden til arbeidsgivar frå ti til to dagar, i slike tilfelle. Det er urimeleg at bedrifter som må permittere etter tiltaket til styresmaktene, blir sitjande igjen med så store lønnskostnader, seier NHO-direktøren
Men dette vil ta tid, erkjenner ho.
– Derfor vil ei raskare løysing vere å regne lønnspliktperioden til arbeidsgivar som ein fast kostnad og dermed innlemme han i kompensasjonsordninga, seier Krohn Devold.

Fem tiltak

Ho vil ha desse fem strakstiltaka på plass:
  • At kompensasjonsordninga blir forlengd så lenge reiselivet blir ramma av smitteverntiltak, og i alle fall fram til sommaren.
  • At kompensasjonsordninga omfattar fleire kostnader som til dømes råvarer/lagervarer og kostnader knytt til smitteverntiltak. I tillegg må levedyktige bedrifter som har falle utanfor ordninga bli kompenserte.
  • At lønnspliktperioden til arbeidsgivar må reduserast frå ti til to dagar. Ein bør dessutan fjerne dei fem lønnspliktdagane i lønnspliktperiode to.
  • At permitteringsperioden må forlengjast utover 52 veker, i alle fall fram til sommaren.
  • At lønnstilskotsordninga blir forbetra.

(©NPK)

Publisert: 04.01.2021 14:21

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:10