NPK-NTB-Marius Helge Larsen: Dei krev direkte tiltak frå regjeringa for å sikre arbeidsplassar.
– Vi ber om at regjeringa no set inn tiltak som vil avhjelpe den dramatiske situasjonen for Noregs viktigaste næring, heiter det i oppropet, som er signert av ordførarane i mellom anna Stavanger, Bergen, Bodø, Ålesund, Sandnes, Haugesund, Trondheim og Kristiansand.
Brevet er sendt til statsminister Erna Solberg (H), olje- og energiminister Tina Bru (H), finansminister Jan Tore Sanner (H), finanskomiteen på Stortinget og partileiarane.
– Fleire norske kommunar blir i dag ramma av ei dobbel krise, både covid-19-pandemien og den globale oljekrisa. Dei fleste har allereie stor arbeidsløyse, men for kommunar som har eit næringsliv med vesentleg olje- og gassrelatert verksemd, er situasjonen endå meir alvorleg, skriv ordførarane.
– For å stimulere olje- og gassbransjen som er i ei djup krise på grunn av låg oljepris og koronakrisa elles, bør Stortinget snarast endre skattereglementet og innføre avskrivingar same år som investeringa blir gjord. Næringa treng stabilitet i aktivitetsnivået, og ikkje minst sikre fagkompetansen, arbeidsplassane og rekrutteringa, seier Stavanger-ordførar Kari Nessa Nordtun (Ap), som har gått i bresjen for initiativet.
Ordførarane meiner at skatteendringane vil gjere fleire investeringar lønnsame, noko som igjen kan bidra til å halde tilsette i arbeid i leverandørindustrien.
– Til dømes veit vi at Aker BP vil kunne setje i verk eit prosjekt dersom ein får gjennomslag for desse endringane. Det er estimert at utbygginga av prosjektet vil generere 3 000 årsverk, heiter det.
– Dette er eit målretta forslag som straks vil få effekt fordi det vil gi selskapa betre likviditet og forbetra prosjektøkonomi som bidreg til å halde oppe aktiviteten på norsk sokkel. Det vil skape aktivitet i leverandørindustrien som vil bidra til å sikre arbeidsplassar i kommunar over heile landet, skriv ordførarane.
Her er den fullstendige lista over kommunane som har signert oppropet: Alstadhaug, Alver, Asker, Aukra, Aure, Austrheim, Bodø, Bergen, Eigersund, Hammerfest, Harstad, Haugesund, Herøy, Kongsberg, Kristiansand, Porsgrunn, Lindesnes, Rana, Randaberg, Stjørdal, Verdal, Sør-Varanger, Sandnes, Stavanger, Gjesdal, Trondheim, Tysvær, Ulstein, Øygarden, Sola, Stord, Ålesund.
– Vi ber om at regjeringa no set inn tiltak som vil avhjelpe den dramatiske situasjonen for Noregs viktigaste næring, heiter det i oppropet, som er signert av ordførarane i mellom anna Stavanger, Bergen, Bodø, Ålesund, Sandnes, Haugesund, Trondheim og Kristiansand.
Brevet er sendt til statsminister Erna Solberg (H), olje- og energiminister Tina Bru (H), finansminister Jan Tore Sanner (H), finanskomiteen på Stortinget og partileiarane.
– Fleire norske kommunar blir i dag ramma av ei dobbel krise, både covid-19-pandemien og den globale oljekrisa. Dei fleste har allereie stor arbeidsløyse, men for kommunar som har eit næringsliv med vesentleg olje- og gassrelatert verksemd, er situasjonen endå meir alvorleg, skriv ordførarane.
– Bør endrast snarast
Dei meiner at tiltaket som vil ha mest å seie for å sikre arbeidsplassar innanfor olje- og gassnæringa, er å forskotere skattefrådraget til selskapa.– For å stimulere olje- og gassbransjen som er i ei djup krise på grunn av låg oljepris og koronakrisa elles, bør Stortinget snarast endre skattereglementet og innføre avskrivingar same år som investeringa blir gjord. Næringa treng stabilitet i aktivitetsnivået, og ikkje minst sikre fagkompetansen, arbeidsplassane og rekrutteringa, seier Stavanger-ordførar Kari Nessa Nordtun (Ap), som har gått i bresjen for initiativet.
Ordførarane meiner at skatteendringane vil gjere fleire investeringar lønnsame, noko som igjen kan bidra til å halde tilsette i arbeid i leverandørindustrien.
– Til dømes veit vi at Aker BP vil kunne setje i verk eit prosjekt dersom ein får gjennomslag for desse endringane. Det er estimert at utbygginga av prosjektet vil generere 3 000 årsverk, heiter det.
– Vil gi betre likviditet
I tillegg blir det vist til at Equinor har 20 større prosjekt i Noreg som kan startast innan utgangen av 2022.– Dette er eit målretta forslag som straks vil få effekt fordi det vil gi selskapa betre likviditet og forbetra prosjektøkonomi som bidreg til å halde oppe aktiviteten på norsk sokkel. Det vil skape aktivitet i leverandørindustrien som vil bidra til å sikre arbeidsplassar i kommunar over heile landet, skriv ordførarane.
Her er den fullstendige lista over kommunane som har signert oppropet: Alstadhaug, Alver, Asker, Aukra, Aure, Austrheim, Bodø, Bergen, Eigersund, Hammerfest, Harstad, Haugesund, Herøy, Kongsberg, Kristiansand, Porsgrunn, Lindesnes, Rana, Randaberg, Stjørdal, Verdal, Sør-Varanger, Sandnes, Stavanger, Gjesdal, Trondheim, Tysvær, Ulstein, Øygarden, Sola, Stord, Ålesund.
Fleire norske kommunar blir i dag ramma av ei dobbel krise, både covid-19-pandemien og den globale oljekrisa
Publisert: 21.04.2020 11:17
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:56