Nytt
Krill-dom utsett på ny
Nok ein gang må Stig Remøy og Kjell Inge Røkke smøre seg med tolmod. Lagmannsretten nådde ikkje sin eigen frist for å avgjere striden mellom Aker Biomarine og Rimfrost denne gangen heller.
31.03.2020
Frostating Lagmannsrett venta først at dommen i striden om retten til produksjonsteknologien i krilltrålaren Juvel skulle vere klar i januar. Så varsla retten om at den kom i februar, deretter at den skulle kome i midten av mars og deretter at den ville vere klar i dag, 31. mars.
No er dommen utsett igjen, i følgje retten, førebels utan at det er sett ein ny dato.
Rettsaka vart avvikla i Ålesund før jul 2019.
Striden mellom Aker Biomarine og Rimfrost og søsterselskapet Rimfrost Technologies gjeld retten til produksjonsteknologien ombord i krilltrålaren Juvel, som Aker Biomarine kjøpte etter at eigaren, krillfiskereiarlaget Emerald Fisheries - med Stig Remøy som hovudeigar - blei slått konkurs i 2017.
Aker Biomarine meiner retten til teknologien var med på kjøpet, Rimfrost at teknologien tilhøyrer Rimfrost.
No er dommen utsett igjen, i følgje retten, førebels utan at det er sett ein ny dato.
Rettsaka vart avvikla i Ålesund før jul 2019.
Alvorlege konsekvensar
Begge partar i rettsaka i lagmannsretten sa at eit nederlag ville vere alvorleg for dei. Aker Biomarine er eigd av Aker-konsernet, med Kjell Inge Røkke som dominerande eigar. Rimfrost er eigd av Stig Remøy.Striden mellom Aker Biomarine og Rimfrost og søsterselskapet Rimfrost Technologies gjeld retten til produksjonsteknologien ombord i krilltrålaren Juvel, som Aker Biomarine kjøpte etter at eigaren, krillfiskereiarlaget Emerald Fisheries - med Stig Remøy som hovudeigar - blei slått konkurs i 2017.
Aker Biomarine meiner retten til teknologien var med på kjøpet, Rimfrost at teknologien tilhøyrer Rimfrost.
Publisert: 31.03.2020 12:21
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:55