Krisetiltak kostar truleg 280 milliardar
KOSTAR DYRT: Finansminister Jan Tore Sanner og statsminister Erna Solberg frå ein av fleire pressekonferansar i samband med koronakrisa. 
Nytt

Krisetiltak kostar truleg 280 milliardar

Koronakrisa vil ha stor innverknad på norsk økonomi.

20.03.2020
(NPK-NTB): Virusutbrotet vil ha stor innverknad på norsk økonomi og trekkje aktiviteten betydeleg ned den næraste tida. Prislappen blir anslått til 280 milliardar kroner.
– Samla sett kostar dei økonomiske tiltaka mot koronakrisa 280 milliardar, viss du inkluderer utsett skatt og avgift og lånegarantiane, seier finansminister Jan Tore Sanner (H) til .
I ei pressemelding fredag skriv Finansdepartementet at dei økonomiske tiltaka som no blir sette i verk, vil motverke inntektsbortfallet og betre likviditeten i norske bedrifter og hushald med om lag 280 milliardar kroner.
Til samanlikning var samla verdiskaping i fastlandsbedriftene rundt 600 milliardar kroner per kvartal før virusutbrotet.
Samla sett inneber dei økonomiske tiltaka som så langt er sette inn, at den oljekorrigerte budsjettbalansen blir svekt med 111 milliardar kroner, heiter det.
Fredag la regjeringa fram tiltak som skal bidra til å trygge arbeidsplassar. Tiltaka er varsla tidlegare og gjeld mellom anna utsetting og lette i meirverdiavgift, utsett betaling av arbeidsgjevaravgift og forskotskatt for selskap.
(ekstern lenke)

Publisert: 20.03.2020 12:34

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:54