Kristian Siem ser ingen lyspunkt
SUPPLY: Pengane renn ut av Siem Offshore, her Siem Topaz og Siem Ruby.
Nytt

Kristian Siem ser ingen lyspunkt

Siem Offshore med nytt stort tap i første kvartal, og Kristian Siem ser mørkt på framtidsutsiktene.

11.05.2020
Siem Offshore tapte 23,8 millionar USD (vel 250 millionar kroner) i første kvartal.
Det Kristian Siem-dominerte offshoreselskapet har 33 offshorefartøy, og der fem ligg i opplag ved utgangen av kvartalet.
I vert det fastslått at det som såg ut til å verte eit år med litt framgang, har brått snudd til eit fullstendig kriseår etter kraftig oljeprisfall kombinert til utfordringar knytt til covid-19.

Deprimerande

Selskapet viser til at ei rekkje prosjekt er utsette, og det er stor usikkerheit om prosjekta til slutt vert kansellerte eller ei.
Det vert meldt om deprimerande tilstander for alle flåtesegment.
Det gjeld også for subsea- og fornybarsegmentetet, der det normalt no skulle vere nokre bra sommarmånader.
- Vi er i ein nedadgåande spiral der aktørane underbyr kvarandre til eit ratenivå som ikkje er berekraftig, vert det fastslått.

Slit med gjelda

Til liks med alle større offshoreaktørar slit Siem Offshore med å handtere gjelda, og treng hjelp frå kreditorane for å overleve.
No forventar selskapet at det vert ein svak marknad i lang tid framover, og skriv at det er høgst usikkert når ein vil vere i stand til å handtere gjelda.
Blant anna har selskapet eit gjeldsforfall på vel 650 millionar kroner i fjerde kvartal i år, medan det store gjeldsforfallet er i 4. kvartal 2022 på over 2,5 milliardar kroner.

Vi er i ein nedadgåande spiral der aktørane underbyr kvarandre til eit ratenivå som ikkje er berekraftig

Publisert: 11.05.2020 10:36

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:57