Krympa sushi satsing
KRYMPA: Domstein Sushi har avvikla landsdekkande distribusjon. Styreleiar Rolf Domstein seier selskapet vil gå i pluss i år.
Nytt

Krympa sushi-satsing

Før forsynte Domstein Sushi heile landet. No nøyer selskapet seg med Osloområdet.

29.08.2018

I 2014 hadde Domstein Sushi over 45 millionar kroner i driftsinntekter. I fjor blei det 8,8 millionar.

Etter at sjømatdistributøren Enghav gjekk konkurs kjøpte det dåverande Domsteinkonsernet buet for 19 millionar kroner og la det inn i datterselskapet Domstein Sjømat. Domsteinkonsernet var stor aksjonær i Enghav før konkursen.

Med på lasset følgde sushileverandøren Gourmetcentralen, som laga sushi i Tromsø, Trondheim og Oslo og leverte til Rema og Coop-butikkar over heile landet.

Avvikla

For eit par år sidan blei selskapet si verksemd i Tromsø og Trondheim avvikla, og Domstein Sushi konsentrerte seg om Osloområdet.

Dei to siste åra har selskapet gått i minus (sjå tabell).

-I år ser det betre ut, seier styreleiar Rolf Domstein, og anslår at selskapet vil kome ut av 2018 med eit positivt resultat.

Domstein Sushi er eigd av Domstein as, som er eigd av brørne Rolf, Knut Magne og Gunnar Domstein.


Ferskvare

Bakgrunnen for at Domstein Sushi gjekk vekk frå landsdekkande distribusjon var endringar i etterspørselen, i følgje Domstein.

Butikkane ville ha ferskare sushi, og det favoriserte lokale distributørar. Med produksjon i Oslo kan Domstein Sushi i dag nå alle kundane same dag som sushien blir laga og pakka. I dag er kundane Coop-butikkar i Osloområdet og hotell- og restaurantar.

Publisert: 29.08.2018 06:00

Sist oppdatert: 29.06.2021 20:22