Nytt
Kråkebolle-satsing på land
Mangel på regelverk forseinkar Sigrud Teiges japanske kråkebollesatsing. Går på land og til Canada.
16.11.2016
NETT NO/NPK: Teiges investeringsselskap Kaston International har i fleire år arbeidd med å kommersialisere kråkebolle-oppdrett, og i sommar kunne selskapet offentlegjere at det har har inngått ein avtale om å produserer og selge kråkebollefôr som er utvikla hos den norske forskingsinstitusjonen Nofima.
Avtalen er inngått med det japanske selskapet Nosan, som er ein del av Mitsubishi-konsernet, og Kaston har lisens frå Nofima på å kommersialisere fôret i Japan.
Nofima sine inntekter er knytt til fôrsalet, medan Kaston sine inntekter er knytt til salet av kråkebollar.
Det handlar mellom anna om å få avklart juridiske rettar knytt til produksjonen.
Konsekvensen er at Urichinomics-prosjektet snur seg mot kråkebollar-oppdrett i anlegg på land i Japan og mot oppdrett både på land og i havet i Canada.
– Kråkebolleoppdrett er så langt ikkje det store i Noreg, men vi ser no at utanlandske selskap fattar større og større interesse. Då er det viktig at vi har selskap som Urchinomics som bidrar til kommersialiseringa, seier Nils Haga, direktør i Nofimas akvakultur-divisjon til Innovasjon Noregs nettsider.
Avtalen er inngått med det japanske selskapet Nosan, som er ein del av Mitsubishi-konsernet, og Kaston har lisens frå Nofima på å kommersialisere fôret i Japan.
Nofima sine inntekter er knytt til fôrsalet, medan Kaston sine inntekter er knytt til salet av kråkebollar.
Manglande regulering
Men manglande regulering av kråkebolle-oppdrett sjøen har foreseinka framdrifta i Japan, i følgje Brian Tsuyoshi Takedai Kaston International. Han er leiar for Urchinomics-prosjekter, som er namnet på satsinga og namnet den blir marknadsført med utad.Det handlar mellom anna om å få avklart juridiske rettar knytt til produksjonen.
Konsekvensen er at Urichinomics-prosjektet snur seg mot kråkebollar-oppdrett i anlegg på land i Japan og mot oppdrett både på land og i havet i Canada.
Størst i verda
Canada har truleg har den største bestanden av kråkebollar i verda, og dermed også kan bli den største produsenten på verdsbasis.– Kråkebolleoppdrett er så langt ikkje det store i Noreg, men vi ser no at utanlandske selskap fattar større og større interesse. Då er det viktig at vi har selskap som Urchinomics som bidrar til kommersialiseringa, seier Nils Haga, direktør i Nofimas akvakultur-divisjon til Innovasjon Noregs nettsider.
Publisert: 16.11.2016 09:06
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:03