Salmon Evolution hentar halv milliard
BYGGESTART: Byggestart for Salmon Evolutions landbaserte oppdrettsanlegg i Indre Harøy i Romsdal var i mai 2020, då dette biletet vart teke. No har den første fisken kome i tankane. Nummer to frå høgre, styreleiar Tore Tønseth. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Kursfall i børsopning

Salmon Evolution-kursen fall då børsen opna i dag, men kursen er høgare enn i kapitalutviding i går kveld.

06.04.2022

Etter at børsen stengte i går kveld varsla Slamon Evolution at selskapet ville hente inn meir pengar.

Då var aksjekursen 9,80 kroner per aksje.

I går kveld var kapitalutvidinga gjennomført. Salmon Evolution får inn 300 millionar kroner i ny eigenkapital, til ni kroner aksjen.

Klokka 09:06 i dag, onsdag 6. april er kursen 9,28 kroner aksjen.

Pengane frå kapitalutvida skal selskapet delsvis bruke til å bygge steg to av tre ved anlegget på Indre Harøy, til å utvide smoltkapasiteten og til generell drift. Salmon Evolution fekk nyleg smolt i kara ved det som er eitt av Europas største oppdrettsanlegg for laks på land.

Publisert: 06.04.2022 09:07

Sist oppdatert: 06.04.2022 15:24

Mer om