Lisa Edvardsen Haugan foto KM
Kongsberg Maritime-sjef Lisa Edvardsen Haugan skal leie selskapet også etter at det er skilt ut og børsnotert. Foto: Kongsberg Maritime
Nytt

Kraftig kurshopp etter Kongsberg-tal

Kursfallet etter at Kongsberg Gruppen fortalde at det skulle skille ut Kongsberg Maritime er forlengst henta inn.

06.02.2026

Planen er at Kongsberg Maritime skal vere ferdig skilt ut og bli eit eige børsnotert selskap i april i år, medan forsvarsverksemda blir liggande att i Kongsberg Gruppen.

Kvartalsrapporten per 4. kvartal viser god lønsemd i begge deler av Kongsberg Gruppen, som i rapporten viser tal for Kongsberg Gruppen både med og utan Kongsberg Maritime, samt eigne tal for Kongsberg Maritime. (Sjå tabell under)

Kongsberg Maritime har produksjon og kontor på Longva, i Brattvåg, Ålesund, Hjørungavåg og Ulstein og eir ein av dei størte private arbeidsgivarane på Nordvestlandet, med over 1000 tilsette.

Størst vekst i nybyggingsmarkanden
Kongsberg Maritime hadde eit driftsresultat på over 15 prosent av driftsinntektene både i 2024 og 2025 og auka både ordreinngang og ordrereserve frå 2024 til 2025.

Leveransar til ettermarknaden (reparasjon, vedlikehald, oppgradering) utgjorde om lag 53 prosent av inntektene i 4. kvartal for Kongsberg Maritim og 54 prosent i heile 2025. Men i fjerde kvartal i fjor var det kontraktar knytt til nybygging som sto for den største veksten ordreinngangen.

Kurshopp
Klokka 09:47 er aksjekursen til Kongsberg Gruppen opp over 15 prosent, samanlikna med i går. Kursen, 370,70 kroner aksjen har ikkje vore høgare sinda i fjor sommar, då den var 394,40 kroner på det høgaste.

Kursen fall kraftig då delingplanen vart kunngjort i fjpor haust og var ned i 229,15 kroner før det snudde i november i fjor. 

Kongsberg Gruppen ASA 
(uten Kongsberg Maritime)
  
Per 4. kvartal. I mill. kroner20252024
Driftsinntekt3156224648
Driftsresultat46943197
Resultat før skatt53333377
Kongsberg Gruppen ASA
(uten Kongsberg Maritime)
  
4. kvartal. I mill. kroner 20252024
Driftsinntekt 95937092
Driftsresultat1542971
Resultat før skatt19221162
Kongsberg Gruppen ASA
(med Kongsberg Maritime)
  
Per 4. kvartal. I mill. kroner20252024
Driftsinntekt5859948872
Driftsresultat92966507
Ordreinngang8759587809
Kongsberg Gruppen ASA
(med Kongsberg Maritime)
  
4. kvartal. I mill. kroner20252024
Driftsinntekt1677513909
Driftsresultat24641730

Ordreinngang 

 

3178444834

 

Kongsberg Maritime   
Per 4. kvartal. I mill. kroner20252024
Driftsinntekt2712324776
Driftsresultat40883886
Ordreinngang3202428386
Ordrereserver2788722800
   
Kongsberg Maritime  
4. kvartal. I mill. kroner20252024
Driftsinntekt76026896
Driftsresultat836760
Ordreinngang78019145
Tilsette81517255

 

Publisert: 06.02.2026 09:50

Sist oppdatert: 06.02.2026 09:54

Mer om