Børsvinnar etter milliardmelding
Opp over 57 prosent etter mogleg avtale til 10 milliardar.
Hexagon Purus er vinnaren på Oslo Børs ved børsopning i dag.
Kursen var rett etter børsopning opp over 57 prosent samanlikna med ved børsslutt måndag. Eit par timar seinare er oppgangen skrumpa inn til i underkant av 40 prosent.
Sjekk oppdatert kurs her (ekstern lenke)
Selskapet med hovudkontor i Ålesund sende måndag kveld ut ei melding om at dei er i sluttforhandlingar om å levere batteripakkar til lastebilar for inntil 10 milliardar kroner.
Aksjekursen rett opp i dag
Då børsen stengte i går ettermiddag var kursen på Hexagon Purus 17,10 kroner.
Klokka 09:15 i dag var den 25,40 kroner, etter ha vore oppe i 28 kroner like etter børshandelen starta klokka 09:00.
Hexagon Purus vart børsnotert i 2020, etter å ha blitt skilt ut av Hexagon Composites. Ved børsnotering var kursen 40 kroner. Tidleg i januar 2021 nådd kursen ein topp på 82,10 kroner aksjen. Deretter har det gått nedover i rykk og napp. I januar 2022 nådde aksjekursen sitt hittil lågaste nivå, 15 kroner aksjen.
E14/S2 Børs med Christian Pritchard og Tore Tønseth
Flakk-familien
Hexagon Composites - der
Flakkfamilien i Ålesund er nest største eigar - er største aksjonær i
Hexagon Purus. Begge selskapa er børsnotert og har hovudkontor i
Ålesund.
Hexagon Composites lagar drivstofftankar - og system for bruk av naturgass og biogass som energikjelde. Klokka 09:35 er Hexagon Composites-aksen opp 16,7 prosent.
Hexagon Purus lagar drivstofftankar og -system for bruk av hydrogen som energiberar, og lagar i tillegg batteripakkar.
Publisert: 01.02.2022 09:06
Sist oppdatert: 01.02.2022 11:03