Kutta kostnadar foer koronaen
KUTT: Vad har fått færre tilsette og har redusert talet på messer selskapet deltek i til to, i Stockholm og USA. Kostnadskutta skal gjere at selskapet går i pluss igjen.  
Nytt

Kutta kostnadar før koronaen

Greier Vad å ta att salet som gjekk tapt i dei første koronamånadane, vil møbelprodusenten gå ut av 2020 med plussresultat.

22.07.2020
Både 2019 og 2018 enda i minus for Vad. Eigar og dagleg leiar Håkon Vad hadde allereie sett i gang med kostnadskutt då koronaepidemien kom. I fjor sysselsette selskapet 12 årsverk, ved utløpet av 2020 blir det ni. Då epidemien kom, blei det permitteringar på toppen, og først etter sommarferien reknar Vad med at dei fleste tilsette er i arbeid igjen.
Etter eit par månader der salet var "betydeleg ned" er aktiviteten i dag omlag på same nivå som på same tid i fjor. Innan året er omme reknar Håkon Vad med at selskapet skal nå same driftsinntekt som i 2018. Kombinert med at selskapet i år vil vere tre årsverk færre, betyr det at Vad vil gå med overskot i år - om forventningane til salet blir innfridd.

Flytta til Baltikum

Vad flytta heile produksjonen frå Stordal til Baltikum i 2013, der Vad i dag leiger produksjonskapasitet.
Dei første åra etter flyttinga gjekk lønsemda opp for Vad, og nådde ein førebels topp i 2016, med 3,3 millionar kroner i resultat før skatt av 29,9 millionar kroner i driftsinntekter.

Flytta Contura-satsing

I 2017 bestemte selskapet seg for å satse på kvilestolen Contura, som Vad produserte før Hjellegjerde hadde produksjon av modellen i ein periode, og ferdigprodusere Contura-stolane i Stordal.
Stolen er designa av Svein Asbjørnsen i Sapdesign i Sykkylven, og har blitt produsert hos ulike bedrifter.
No er også Contura-produksjonen flytta til Baltikum.
Omlag 90 prosent av salet til Vad er i den såkalla kontraktsmarknaden, der private og offentlege bedrifter/institusjonar er kjøparane. Eksportandelen er omlag 20 prosent.

Publisert: 22.07.2020 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:00