Nordre framside
FRÅ SEKS TIL FIRE ÅRSVERK: Selskapet som gir ut Nordre har hatt fall i driftsinntektene på 19 prosent sidan 2017.
Nytt

Kutta seg i pluss

Færre tilsette gav overskot for Haramsnytt.

20.07.2021

Haramsnytt gjekk frå seks til fire årsverk i 2020 og snudde underskot til overskot sjølv om inntektene fall (sjå tabell)

Haramsnytt gir ut avisa Nordre, som dekkjer tidlegare Haram kommune. Selskapet eig og Midsundingen, som gir ut avisa med same namn, og er største eigar av Sulaposten.

I åra 2011-2017 hadde Haramsnytt over årleg seks millioner kroner i driftsinntekter. Topp-åra var 2015 og 2017, med over 6,7 millionar kroner. Driftsinntektene i 2020 var 19 prosent under 2017-nivået.

Vaks seg i pluss
Sulaposten har utvikla seg motsett veg enn Nordre.

Driftsinntektene til Sulaposten har aldri vore høgare enn i fjor, og avisa gjekk frå eit lite minus til overskot (sjå tabell).

Robin Røkke gjekk av som redaktør i Haramsnytt i 2017, etter usemje om korleis avisa skulle drive framover, men er framleis medeigar i Haramsnytt as. De to andre eigarane er Åshild Fjørtoft og Møre Forlag. Ole Michael Ellefsen er hovudeigar i Møre Forlag.

Nye aviser
I tillegg til aksjeposten i Haramsnytt eig Røkke i dag selskapet som gir ut Øy-Blikk i Giske, Vestnesavisa på Vestnes og avisa Lofoten, som dekkjer deler av Lofoten.

Førebels er det berre Vestnesavisa som har sendt 2020-tala til Brønnøysund-registeret (sjå tabell).

Haramsnytt as

Tal i mill. kroner20202019
Driftsinntekt5,4

6,0

Driftsresultat

1,0-0,3
Resultat før skatt0,9-0,3
Sulaposten as
Tal i mill. kroner20202019
Driftsinntekt4,84,5
Driftsresultat0,3-0,01
Resultat før skatt0,4-0,001
Midsundingen as
Tal i mill. kroner20202019
Driftsinntekt2,02,1
Driftsresultat0,20,4
Resultat før skatt0,20,4
Vestnesavisa as
Tal i mill. kroner20202019
Driftsinntekt3,63,3
Driftsresultat-0,01-0,5
Resultat før skatt-0,02-0,5

Publisert: 20.07.2021 09:05

Sist oppdatert: 20.07.2021 09:08

Mer om