Kuttar 260 jobbar
OMORGANISERER: Knut Hovland (til høgre) er leiar  for forretningsvirksemda  styremaskiner, kraner og vinsjer i Kongsberg Maritime, ein del av verksemda som er hardast råka av nedturen etter oljeprisfallet i 2014. I dag lanserer han planane for korleis lønsemda skal opp for dei tilsette i Brattvåg. Knut Eilert Røsvik (til høgre) er leiar for skipsdesignverksemda til Kongsberg Maritime.
Nytt

Kuttar 260 jobbar

Kongsberg kuttar 260 jobbar. Legg ned dekksmaskinerifabrikk i Vietnam. Lagar innovasjonspark i Brattvåg.

31.08.2019
260 jobbar i Kongsberg Maritime skal bort etter at Kongsberg Gruppen tok over marinedivisjonen til Rolls-Royce Marine. Rundt 100 av jobbane blir kutta i Noreg, men det er førebels ikkje avklart kvar.
Det kom fram på resultatpresentasjonen til selskapet fredag, og nedbemanninga skal vere med på å gjer at Kongsberg Maritime alt i år klarer å kutte kostnadane etter kjøpet frå Rolls-Royce med rundt 200 millionar kroner på årsbasis. I løpet av to år er målet å ha redusert dei årlege konstnadane med rundt ein halv milliard kroner.
Les meir om nye Kongsberg Maritime:


Lagar innovasjonspark i Haram

Produksjon av styremaskiner, kraner og vinsjer er ein av verksemdene ei Kongsberg Maritime - eit datterselskap av Kongsberg Gruppen - som er hardast råka av nedturen i offshorebransjen etter oljeprisfallet.
Resultatet er mellom anna at fabrikken i Vietnam blir lagt ned.
I Brattvåg presenterer Knut Hovland, som er leiar for styremaskiner, kraner og vinsjer-verksemda i Kongeberg Maritime, nett no en plan for dei 350 tilsette om å omorganiserer anlegget for å utnytte kapasiteten betre.
Planen er å gjer anlegget om til ein innovasjonspark og dele på bygg og utstyr, der både partnarar av Kongsberg Maritime og andre får plass.
- Vi har for mykje plass og for lav utnytting av maskinparken seier kommunikasjonssjef Anette Bonnevie Wollebæk.

Publisert: 31.08.2019 10:06

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:35