Karl Rosén Daniel Herde foto Marius Rosbach 11
TINGRETTEN: Advokatane Karl Rosén (t.v.) og Daniel Herde, som representerte høvesvis Tomislav Debeljak og forsikringsselskapet Tryg. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Kuttar advokatkrav med fleire millionar

Ville ha 14,9 millionar kroner. Får dekt 9,4 millionar.

30.11.2023

Advokatane til Tomislav Debeljak og Tryg Forsikring la fram krav om å få dekt sakskostnadar på høvesvis 7,5 og 7,4 millionar kroner i samband med erstatningssaka mot den tidlegare eigaren av Kleven Verft.

Deblejak vann i Hordaland tingrett, men dommaren gjekk ikkje fullt ut med på sakkostnadskravet.

Dommen konkluderer med at sakskostnadane som blir dekt, blir redusert til høvesvis 5,3 og 4,1 millionar kroner.

Buet sine advokatar kravde 2,2 millionar kroner, men i og med at dei tapte må buet dekke kostnaden sjølv.

– Omkostningane her er heilt hinsides. Eg har ikkje sett på maken, utbraut advokat Jan Vablum frå saksøkjarsida då sakskostnadskravet vart lagt fram i slutten av rettssaka.

Advokat Karl Rosén forsvara kravet på 14,5 millionar og meinte buet sin framgangsmåte hadde vore med å fordyre arbeidet.

Han viste til at erstatningskravet frå buet var stort – nok til å legge livsverket til Debeljak i grus – og at grunnlaget i utgangspunktet famna vidt.

Bostyrar Bjørn Åge Hamre seier i ein kort kommentar til NETT NO etter dommen, at dei framleis ikkje er nøgd med motparten sine salær, og meiner dei er for høge.

Publisert: 30.11.2023 15:56

Sist oppdatert: 30.11.2023 15:56

Mer om