(NPK-NTB Birgitte Iversen): Fleirtalet på Stortinget er samde om fleire tiltak mot koronakrisa. Kutt i arbeidsgivaravgifta og meir pengar til kommunane, Nav og sjukehusa er blant grepa.
Etter å ha forhandla gjennom store delar av natta vart eit fleirtal med Høgre, Venstre, Kristeleg Folkeparti, Arbeidarpartiet, Framstegspartiet, Senterpartiet og SV samde om ei rekkje nye tiltak torsdag morgon.
* Arbeidsgivaravgifta blir senka med 4 prosentpoeng i to månader.
* Nav, kommunar og helsevesenet skal kompenserast økonomisk for ekstrakostnader som følgje av pandemien.
* Regjeringa skal så raskt som mogleg koma tilbake med ei mellombels ordning gjennom Lånekassen for studentar som får inntektsbortfall som følgje av korona-pandemien.
* Regjeringa skal koma tilbake med forslag som kan sikra reduserte takstar på riksvegferjer for ein avgrensa periode.
* Nettundervisning frå vaksenopplæring, universitet, høgskular og fagskular skal gjerast tilgjengeleg.
No skal staten betala differansen mellom bortfall av inntekter og bortfall av kostnader på dei såkalla FOT-rutene. Færre passasjerar fører til inntektssvikt. Samtidig skal tilskotet betalast ut føreåt.
FOT-rutene blir opererte i hovudsak av Widerøe. FOT-ruter er flyruter der marknaden åleine ikkje leverer eit tilfredsstillande flytilbod, og der Samferdselsdepartementet kjøper flytenester gjennom ein offentleg konkurranse og set krav til pris, kapasitet og frekvens.
FOT-rutene er hovudsakleg i Nord-Noreg og på Vestlandet.
– Den semja me har kome fram til, handlar om folk. Om kvardagen deira. Om å sikra arbeidsplassar og tryggja framtida, seier Arbeidarpartiets Hadia Tajik
– Det er viktig for meg å slå fast at Frp er villig til å gjera alt som trengst for å hjelpa norsk helsevesen, næringsliv og privatpersonar i den krisa landet vårt no står i. Me har klart å bli samde om ytterlegare tiltak, og den pakken som regjeringa opphavleg la fram førre fredag, er svært kraftig styrkt. Det var heilt nødvendig, seier Frps finanspolitiske talsperson Sylvi Listhaug.
Stortingsfleirtalet vart samde om ein første krisepakke måndag. Regjeringa har òg varsla at det kjem fleire økonomiske tiltak den 20. mars og 27. mars.
(©NPK)
(ekstern lenke til saka)
Etter å ha forhandla gjennom store delar av natta vart eit fleirtal med Høgre, Venstre, Kristeleg Folkeparti, Arbeidarpartiet, Framstegspartiet, Senterpartiet og SV samde om ei rekkje nye tiltak torsdag morgon.
Blant hovudpunkta:
* Arbeidsgivaravgifta blir senka med 4 prosentpoeng i to månader.
* Nav, kommunar og helsevesenet skal kompenserast økonomisk for ekstrakostnader som følgje av pandemien.
* Regjeringa skal så raskt som mogleg koma tilbake med ei mellombels ordning gjennom Lånekassen for studentar som får inntektsbortfall som følgje av korona-pandemien.
* Regjeringa skal koma tilbake med forslag som kan sikra reduserte takstar på riksvegferjer for ein avgrensa periode.
* Nettundervisning frå vaksenopplæring, universitet, høgskular og fagskular skal gjerast tilgjengeleg.
Widerøe blir kompensert
Fleirtalet på Stortinget er òg samde om å kompensera Widerøe for å sikra flyruter i distrikta.No skal staten betala differansen mellom bortfall av inntekter og bortfall av kostnader på dei såkalla FOT-rutene. Færre passasjerar fører til inntektssvikt. Samtidig skal tilskotet betalast ut føreåt.
FOT-rutene blir opererte i hovudsak av Widerøe. FOT-ruter er flyruter der marknaden åleine ikkje leverer eit tilfredsstillande flytilbod, og der Samferdselsdepartementet kjøper flytenester gjennom ein offentleg konkurranse og set krav til pris, kapasitet og frekvens.
FOT-rutene er hovudsakleg i Nord-Noreg og på Vestlandet.
– Handlar om folk
– Me er villige til å gjera alt som trengst for å sikra jobbar, bedrifter og velferda for folk. Det står ikkje på pengane. Finansminister Jan Tore Sanner vil allereie fredag koma med fleire tiltak, seier parlamentarisk nestleiar i Høgre, Svein Harberg, som har forhandla krisepakken for Høgre.– Den semja me har kome fram til, handlar om folk. Om kvardagen deira. Om å sikra arbeidsplassar og tryggja framtida, seier Arbeidarpartiets Hadia Tajik
– Det er viktig for meg å slå fast at Frp er villig til å gjera alt som trengst for å hjelpa norsk helsevesen, næringsliv og privatpersonar i den krisa landet vårt no står i. Me har klart å bli samde om ytterlegare tiltak, og den pakken som regjeringa opphavleg la fram førre fredag, er svært kraftig styrkt. Det var heilt nødvendig, seier Frps finanspolitiske talsperson Sylvi Listhaug.
Stortingsfleirtalet vart samde om ein første krisepakke måndag. Regjeringa har òg varsla at det kjem fleire økonomiske tiltak den 20. mars og 27. mars.
(©NPK)
(ekstern lenke til saka)
Les meir om koronakrisa:
Publisert: 19.03.2020 11:11
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:54