Kuttar drivsstoff kostnadane 75 prosent
KOSTNADSKUTT: Når Fjord1-sjef Dagfinn Neteland har fått alle elferjene i full drift på elektrisitet er det selskapet som for behalde gevinsten av reduserte drivstoffkostnadar.
Nytt

Kuttar drivsstoff-kostnadane 75 prosent

I juli gjekk ferjene Sulesund-Hareid halve tida på elektrisitet. 

21.08.2020
Ladeanlegg og -kapasitet som ikkje var klar i tide har gjort at elektrifiseringa av ferjesambanda har ikkje gått så raskt som Fjord1 først hadde planlagt, men i løpet av hausten skal samtlege el-ferjer i selskapet vere i full drift på elektrisitet.
Det sa Fjord1-sjef Dagfinn Neteland då han la fram reknskapen for 1. halvår denne veka.

I fjor haust i år.

Halv el-drift i juli

På sambandet Hareid-Sulesund er innkøyringa med elektrisitet som drivstoff i gang. I juli gjekk ferjene der på elektrisitet omlag halvparten av tida, medan dieselmontorane sikra framdrift den andre halvparten, i følgje Neteland.
Neteland anslår at drivstoff-kostnadane i gjennomsnitt blir redusert med omlag 75 prosent når ferjedrifta går frå fossilt drivstoff til eldrift.
Han illustrerer verknaden av å gå frå diesel til straum med tal for Hareid-Sulesundsambandet i juli i fjor og i juli i år.
I juli 2019 brukte ferjene Hareid-Sulesund diesel som kosta reiarlaget 1,6 millionar kroner.
I juli i år vart dieselforbruket meir enn halvert, og den samla drivstoffrekninga kom på omlag 800.000 kroner. Storparten av rekninga kom frå diesel-forbruket.

Sparar meir på sikt

Med overgang til full eldrift har Fjord1 ytterlegare kutt i drivstoffkostnadane å sjå fram til.
Det kjem til å slå positiv ut for resultatet, sidan selskapet har betaling for å drive dei offentleg finansierte ferjesambanda ut i frå talet på ferjer og fraktkapasitet. Slik avtalane er utforma er det Fjord1 som får gevinsten av kostnadskutt.

Over ti år

Medan elmotorar reduserer drivstoffkostnadane dreg investeringane i nye ferjer, ferjekaier og ladenalegg kostnadane opp. Avskrivingane og rentekostnadane aukar slik at satsinga på elferjer ikkje reduserer dei samla kostnadane i første omgang.
Neteland sitt anslag er at det etter elferjesatsinga etter 12-15 års drift vil gi ein økonomisk gevinst samla sett, samanlikna med dieselferjer.

Les også:



Publisert: 21.08.2020 11:01

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:01