KV Ålesund blei fredag selt og overlevert til ein ny eigar, opplyser reiar Olav Remøy. Han vil ikkje opplyse kven den nye eigaren er, utover at dei held til i utlandet.
Skipet har vore i opplag i snart tre år etter at Forsvaret valte å ikkje fornye leigeavtalen med Herøy-selskapet Remvakt i 2016.
– Slik marknaden har vore, bestemte vi tidleg at vi ønskja å selje. Samtidig har vi ønskja å reindyrke oss på fiskeriaktivitet, seier Remøy til NETT NO.
Etter det NETT NO kjenner til skal skipet byggjast om, og ligg ifølgje AIS-sporinga ved Aas Mek. Verksted i Vestnes. Det 63 meter lange skipet blei levert frå Myklebust verft i 1996.

Les også:
Publisert: 21.09.2019 11:46
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:39